Lars-Ivar Giskegjerde (19) er mellom dei første lærlingane i it-utvikling på Sunnmøre. Ålesundaren var lei av å gå på skule og fekk i staden ein litt uvanleg veg inn i it-bransjen.
– Vi blei kontakta av læraren hans, som såg at han hadde eit stort potensiale, fortel Karoline Brandal Hansen som rekrutterte ungguten til bedrifta Twoday.
– Vi blei veldig fort imponert
Giskegjerde starta først i praksis ein gong i veka som 16-åring, før han seinare tok til som lærling.
– Vi blei veldig fort imponert og oppdaga fort at vi hadde å gjere med eit talent, fortel Hansen.
Bedrifta som har kring 90 personar i arbeid i Ålesund, tek kvart år i mot ein rekke nyutdanna frå høgare utdanning. Difor var det eit ungt miljø som tok han i mot.
– Fleire av utviklarane våre sa også at dei sjeldan hadde sett så unge personar med eit så godt perspektiv på heilskapen i ung alder, legg ho til.
I dag har Giskegjerde mellom anna ansvaret for å lære opp ein ny praksiselev i bedrifta – ei oppgåve han løyser svært godt, ifølgje Hansen.

Skal ta fagbrev til sommaren
19-åringen starta løpet med it-utvikling-faget ved Ålesund videregående skole. I dag stortrivst han både i bedrifta og med faget, fortel han.
– Du får sjå korleis ting du har lært på skulen blir sett ut i praksis, og at det er bruk for kunnskapen. Det er kjekt å sjå korleis ting heng saman, seier han om jobben.
Til sommaren er planen å ta fagbrevet, før han skal vurdere vegen vidare.
Møte med statsråden
Måndag fekk Giskegjerde møte kunnskapsminister Oddmund Hoel (Sp) og fortelje om si reise.
– Det er kjekt å sjå at det er fleire vegar inn i bransjen, sa statsråden og minnast at det tidlegare også var mange sjølvlærte som fekk jobb i it-bransjen.
Hoel understreka også at det var eit paradoks at mange står utanfor arbeidslivet, samtidig som fleire bransjar skrik etter folk.

Nye studieplassar
Under besøket kom kunnskapsministeren med nyheita om at regjeringa vil opprette 100 nye studieplassar innan IKT. Det var søt musikk i øyrene til Twoday-sjef Kristin Rotevatn Nyberg – men ho ønsker seg endå fleire.
Statsråden kunne ikkje love fleire studieplassar til bransjen «over bordet», men viste til at det står høgt på agendaen for det vidare arbeidet.
Etter besøket drog Hoel til NTNU Ålesund der han la fram regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for neste år på sitt fagområde.
Sjå direktesending frå pressekonferansen (ekstern lenke)
Publisert: 08.10.2024 05:00
Sist oppdatert: 08.10.2024 09:02