- Ja, det er heilt klart at TV-serien 'Monsen - minutt for minutt' har fått fleire ut i naturen.
- I første omgang vert det nok eit oppsving i dei rutene Lars Monsen og følgjet har gått, men vi merkar det også i vårt område, seier Flem.
Frå Danskehytta går turen vidare til Kaldhusseter, før ein går vidare til Herdalsseter og Skageflå.
- Det er tredje året vi arrangerer denne fellesturen, ein fantastisk tur i variert natur, seier Flem.
Sjølv likar ho seg aller best i Veltdalen i Tafjordfjella.
- Det er utruleg mange fine plassar, men det er noko spesielt med Veltdalen, seier ho.
- Vi veks jamnt og trutt, seier Flem.
Alt arbeidet på alle hyttene, samt vedlikehald av stiar og gjennomføring av arrangement vert gjort på dugnad.
- Hittil har det vore lett å få folk til å stille opp.
- I fjor bokførde vi 15.000 dugnadstimar, men det var garantert mykje som ikkje vart ført opp, seier Flem.
- Vi riv ned den gamle hytta og set opp ei heilt ny, seier Flem.
Ålesund-Sunnmøre turistforening har ansvaret for 12 hytter. Den største er Reindalseter, som ligg i midtpunktet i rutenettet i Tafjordfjella.
Hytta er betjent i sommarsesongen, her er det 76 sengeplassar og eige resepsjons- og kafeteriabygg.
Denne hytta har også vanleg elektrisitet, så her finn ein også tørkerom med vifteomn for våte klede og sko.
- Her har det vore rekordtilstrøyming i år. Det er utruleg gledeleg, seier Flem.
- Det er ein draum for oss å leve tett på naturen og i pakt med naturen, så dette er perfekt for oss, seier dei.
Den store draumen er at dei saman kan byggje opp eit senter for meditasjon og rekreasjon, aller helst i Ungarn.
- For å få dette til, så treng vi å tene pengar. Det vi tener her på Reindalseter i sommarsesongen, er basisen for resten av året.
Det var tilfeldig at dei hamna på jobb i Tafjordfjella. Dei søkte på mange sommarjobbar, og fekk til slutt napp med Ålesund-Sunnmøre turistforening.
- Det er mykje arbeid, men vi trivst godt og synst også vi tener bra. Fjellfolk er alltid hyggjelege folk, og vi håper vi er tilbake også neste sesong, seier dei.
- I første omgang vert det nok eit oppsving i dei rutene Lars Monsen og følgjet har gått, men vi merkar det også i vårt område, seier Flem.
Dronningturen
Ho er i full sving med å gå 'Dronningturen' frå Grotli til Danskehytta når NETT NO snakkar med henne.Frå Danskehytta går turen vidare til Kaldhusseter, før ein går vidare til Herdalsseter og Skageflå.
- Det er tredje året vi arrangerer denne fellesturen, ein fantastisk tur i variert natur, seier Flem.
Sjølv likar ho seg aller best i Veltdalen i Tafjordfjella.
- Det er utruleg mange fine plassar, men det er noko spesielt med Veltdalen, seier ho.
Stor dugnadsinnsats
Totalt var det rundt 8.100 medlemar i tursitforeninga ved siste årsskifte.- Vi veks jamnt og trutt, seier Flem.
Alt arbeidet på alle hyttene, samt vedlikehald av stiar og gjennomføring av arrangement vert gjort på dugnad.
- Hittil har det vore lett å få folk til å stille opp.
- I fjor bokførde vi 15.000 dugnadstimar, men det var garantert mykje som ikkje vart ført opp, seier Flem.
Ny hytte
Neste store prosjekt er å få på plass nye Tøssebrobu med 18 sengeplassar, ei hytte som ligg på Kaldhusseter.- Vi riv ned den gamle hytta og set opp ei heilt ny, seier Flem.
Ålesund-Sunnmøre turistforening har ansvaret for 12 hytter. Den største er Reindalseter, som ligg i midtpunktet i rutenettet i Tafjordfjella.
Hytta er betjent i sommarsesongen, her er det 76 sengeplassar og eige resepsjons- og kafeteriabygg.
Denne hytta har også vanleg elektrisitet, så her finn ein også tørkerom med vifteomn for våte klede og sko.
- Her har det vore rekordtilstrøyming i år. Det er utruleg gledeleg, seier Flem.
Kokk frå Ungarn
Mellom vertskapet på Reindalseter er også det ungarske paret Gaspar Urmös og Melinda Csaszar. Gaspar er kokk, Melinda er kjøkenassistent, og dei står for matlaginga på Reindalseter for femte året på rad.- Det er ein draum for oss å leve tett på naturen og i pakt med naturen, så dette er perfekt for oss, seier dei.
Den store draumen er at dei saman kan byggje opp eit senter for meditasjon og rekreasjon, aller helst i Ungarn.
- For å få dette til, så treng vi å tene pengar. Det vi tener her på Reindalseter i sommarsesongen, er basisen for resten av året.
Det var tilfeldig at dei hamna på jobb i Tafjordfjella. Dei søkte på mange sommarjobbar, og fekk til slutt napp med Ålesund-Sunnmøre turistforening.
- Det er mykje arbeid, men vi trivst godt og synst også vi tener bra. Fjellfolk er alltid hyggjelege folk, og vi håper vi er tilbake også neste sesong, seier dei.
I fjor bokførde vi 15.000 dugnadstimar, men det var garantert mykje som ikkje vart ført opp
Publisert: 11.08.2018 06:01
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25