Larsnes mek dronefoto mars 2021 innfelt jarle gunnarstein foto larsnes mek verksted kjetil 11
STORSATSING: Jarle Gunnarstein fortel at den storstilte utbygginga vil gi verftet fleire bein å stå på. Foto: Larsnes Mek Verksted/Kjetil Haanes
Nytt

Larsnes med rekordresultat i koronaåret

Markerte nyleg 40 år i bransjen, har full fart på utbyggingsprosjekt og ein ordrereserve på nær éin milliard.

Marius Rosbach
12.03.2021

Larsnes Mek Verksted kunne seinast torsdag sleppe gladnyheita om at dei har sikra seg nok eit nybygg. Denne gongen var det ein fiskebåt som skal leverast mot slutten av neste år, som kunne innlemmast i ordreboka.

Frå før har verftet sikra seg kontrakt på to nye brønnbåtar. Ein til Rostein som skal leverast i juni, og ein til Naviera Orca i Chile som skal leverast i starten av neste år.

– Per i dag er ordrereserven på nær éin milliard kroner, fortel administrerande direktør Jarle Gunnarstein til NETT NO.

Beste resultat på 40 år
Verftet som førre veke markerte at det var 40 år sidan dei starta opp, har også fleire ting å feire.

– Året 2020 enda med det beste resultatet verftet har hatt sidan vi starta opp, legg verftssjefen til.

Gunnarstein vil likevel ikkje avsløre dei konkrete tala før dei er styrebehandla og godkjent av revisor. Omsetninga enda på kring 475 millionar kroner – eit par hakk under rekordomsetninga frå 2019 på 512 millionar, fortel han.

(saka held fram under)

Ro vision foto larsnes mek verksted 11
ÅRETS SKIP: Brønnbåten Ro Vision bygd ved Larsnes Mek Verksted, blei kåra til årets skip i fjor. Foto: Larsnes Mek Verksted

Måtte droppe stor jubileumsfeiring
Samtidig blei 2020 eit heilt spesielt år som følgje av koronapandemien.

Då regjeringa for nøyaktig eitt år sidan bestemte seg for å stenge ned store delar av samfunnet, stod verftet midt i innspurten med brønnbåten Ro Vision, samtidig som dei fekk inn neste nybygg - brønnbåten Ro Venture.

– Grunna nedstenginga valte dei utanlandske arbeidarane å bli verande i staden for å reise heim til påske. Det bidrog til at vi greidde å levere ein båt i juli, som eigentleg skulle ha vore levert i september, fortel Gunnarstein som er imponert over innsatsen arbeidarane og underleverandørane har lagt ned.

Pandemien er også årsaka til at det førebels ikkje har vorte noko skikkeleg jubileumsfeiring, men dei tilsette fekk i det minste servert kake under ei intern markering.

(saka held fram under)

Larsnes mek skisse Ag Plan og Arkitektur
NYTT ANLEGG: Illustrasjon av korleis det nye anlegget blir sjåande ut med ny dokkhall yst på neset. Illustrasjon: Ag Plan og Arkitektur

Håpar å ha nytt anlegg ferdig i 2023
Sande-verftet har vekse betydeleg sidan brønnbåtreiarlaget Rostein kom inn på eigarsida for nokre år sidan. No er verftet også i full sving med den største satsinga nokon gong, med ny tørrdokk på 135 x 24 meter, tilhøyrande overbygg på 150 x 40 meter, forlenging av eksisterande kai og ny kai mot vest.

– Vi reknar med at det første byggesteget vil vere ferdig i august. I samanheng med at vi tek ut masse, blir det óg laga til eit grøntområde på sørsida, fortel Gunnarstein.

Om finansieringa kjem endeleg på plass, håpar dei å fortsette utbygginga utan opphald.

– Vi håpar å halde fram med ein gong og skyte ut til dokka, legg verftssjefen til.

I tilfelle vil heile anlegget vere klart i løpet av 2023.

Vi veit aldri heilt kva framtida vil bringe, men vi gjer denne investeringa med tanke på at vi skal ha fleire bein å stå på
Jarle Gunnarstein

Trur på oppbemanning
Etter at verftet har tilsett nokre nye personar i år, er hjørnesteinsbedrifta på Larsnes no oppe i kring 65 tilsette. I tillegg er 170-180 innleigde arbeidarar i sving. Når det nye anlegget står klart, håpar verftssjefen dei vil ha arbeid til enno fleire.

– Vi veit aldri heilt kva framtida vil bringe, men vi gjer denne investeringa med tanke på at vi skal ha fleire bein å stå på, fortel han.

Med ny dokkhall vil verftet vere i stand til å ta på seg fleire reparasjons- og serviceoppdrag, og det kan bli behov for folk i dei fleste yrkeskategoriar.

– Slik det er i dag går ein stor del av nybyggingsoppdraga til Spania, Tyrkia og Danmark. Men også dei båtane må ha ein plass til å gjere vedlikehald, påpeiker Gunnarstein.

Fakta om Larsnes Mek Verksted

Larsnes Mek Verksted AS blei etablert 2. mars 1981 og ligg på Larsnes i Sande kommune.

Det var Longva Mek Verksted AS med søskena Marvin Longva, Lidvar Longva og Helga Longva Dyrhol i spissen, som tok initiativ til oppkjøp av konkursråka Hammer Mek Verkstad – som sidan fekk namnet det har i dag.

Rostein-selskapet Rofisk er største eigar med knappe 69 prosent av aksjane. Fleire av dei tidlegare eigarane, mellom anna Jarle Gunnarstein, er framleis inne med mindre aksjepostar.

(kjelde: Larsnes Mek Verksted)

Publisert: 12.03.2021 11:00

Sist oppdatert: 12.03.2021 16:24

Mer om