Maritim satsing fosnavåg shippingklubb 11
ENOVA: Seniorrådgivar Harald Helgesen i Enova viser til at støtten til maritime prosjekt har hatt kraftig auke, men no vert eit støtteprogram til infrastrukturtiltak avvikla. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Legg ned støtteprogram for ferjelading

Enova kan ikkje love støtte til landstraum for verfta, og legg ned program for infrastrukturstøtte til transportsektoren.

08.02.2022

- Framover skal vi ha ekstra fokus på prosjekt som tek i bruk ny klimateknologi. Vi skal bidra til å setje fart i det grøne skiftet.

Det sa seniorrådgivar Harald Helgesen i Enova under eit møte i Fosnavåg Shippingklubb måndag.

Same dag vart det kjent at Enova la ned programmet «Infrastruktur for fylkeskommunale og kommunale transporttjenester».

Dette betyr blant anna at det vert slutt på å få støtte til ladetårn for elferjer.

- Elferjer kan framleis få støtte, men ikkje i ei anbodsfase. Støtte må kome som ein del av ei lengre driftsperiode, seier Helgesen.

Har støtta 42 ferjesamband
Enova har gjennom programmet gitt infrastrukturstøtte til 42 ferjesamband, 53 ferjer, sju passasjerbåtar og 623 elektriske bussar.

No er denne støtteordninga over, men Helgesen seier at Enova vil halde fram med å støtte elektrifiseringa i transportsektoren, men ikkje lenger som infrastrukturtiltak.

- Støtta går no til andre tiltak, spesielt der ny teknologi vert tatt i bruk.

Vi kan støtte to til fire hydrogenprosjekt med inntil 150 millionar kroner per prosjekt
Harald Helgesen

Hydrogenprosjekt
Meir av støtten skal også gå til satsing på hydrogen. I april går fristen ut for å søke støtte til eit program for produksjon av hydrogen til maritim sektor.

- Vi kan støtte to til fire hydrogenprosjekt med inntil 150 millionar kroner per prosjekt. Vi forventar stor interesse.

Helgesen viste også til dei store mulegheitene som ligg i å søke støtte frå EUs innovasjonsfond, der ein vil bruke rundt 20 milliardar euro innan 2030.

- Søkarar kan få inntil 60 prosent i støtte til teknologiutvikling og prosess.

- Her finst det enorme mulegheiter, men det er også krevjande søknadsprosessar.

Etterlyste verftsstøtte
Dagleg leiar Jan Thormodsæter i Mafoss sa at mange reiarar var fornøgde med fleire av støtteordningane, men Thormodsæter meinte at det også var viktig å støtte verfta slik at fleire verft får tilgang på landstraum.

- Dette må Enova verte mykje betre på, sa Thormodsæter.

Helgesen sa at han kjende til problemstillinga, men at det så langt ikkje låg føre planar om å innføre ei slik støtteordning til verfta.

Publisert: 08.02.2022 05:50

Sist oppdatert: 08.02.2022 08:00

Mer om