Fleire verft får landstraum
Myklebust og Larsnes Mek Verksted satsar på Hareid Group-løysing, Kleven har valgt Sandnes-selskapet Blueday Technology.
- Vi er i dialog med fleire kaieigarar som er interesserte i våre løysingar. Med valfridom til enten å kjøpe eller leige anlegg, er den finansielle investeringa enklare å handtere.
Det seier salssjef Kenneth Langvatn i Hareid Group i ei pressemelding.
I løpet av kort tid har selskapet levert eit nyutvikla anlegg for landstraum til Myklebust verft, og signert avtale med Larsnes Mekaniske Verksted om levering av tilsvarande anlegg.
Hareid-utvikla
Landstraumsystemet har fått namnet «HG Shore Power», og er utvikla og produsert på Hareid. Selskapet opplyser at dette er ei standardisert teknisk løysing som gjer det muleg å levere rein elektrisk energi til alle typar fartøy.
- Vi er godt nøgde med at dei to første anlegga i dette slaget går til nettopp desse to verfta, som vi har eit særs godt samarbeid med frå før, seier salssjef Kenneth Langvatn i Hareid Group.
Få har landstraum
Hareid Group opplyser at eit stadig aukande tal fartøy har fått bygd om sine landtilkoplingssystem i samsvar med standardane som desse anlegga er bygd etter. Samstundes har berre eit fåtal kaier og hamner landstraum i dag.
Det vert vist til at det er i hovudsak dei store hamnebyane og offshore-basa ne langs kysten som til no har investert i standardiserte landstraumanlegg. Reiarlaga har på si side kome lenger, og har forventningar om å kunne få kople seg på der fartøya legg seg til kai - enten det er ved offentlege hamner, verft eller fiskemottak.
- Vi er sikre på at det maritime næringslivet i vår region er opptekne av klimagassreduserande løysingar, og vil sjå på vårt system som eit godt bidrag på vegen mot berekraftig drift, seier Langvatn.
Otto Sverdrup først ute
Også Green Yard Kleven har nyleg installert landstraum.
- No kan skipa ligge til kai utsleppsfritt og dei tilsette slepp å jobbe i støy og varme motorrom, så dette er vi glade for å ha på plass, fortel Frank Hauge, leiande bedriftselektrikar hos Green Yard Kleven.
Han har hatt ansvar for den praktiske jobben med å få landstraumen på plass.
-Første skip ut til å nytte landstraum er Hurtigruteskipet MS Otto Sverdrup, seier Hauge, i ei sak som er lagt ut på heimesida til Kleven.
Landstraumanlegget er på 2MVA og er levert av Sandnes-baserte Blueday Technology. Anlegget leverer både 50 og 60Hz på 400V, 440V, 480V, 660V og 690V.
- Green Yard-konsernet har som mål å vere det grønaste alternativet i bransjen, og med denne investeringa etterlever vi vår målsetting ved våre verft. Løysinga med Blueday Technology vil vere med på å gi oss eit løft både ved Green Yard Kleven og Green Yard Feda, seier Hans Jørgen Fedog, konsernsjef i Green Yard Group.
Publisert: 11.06.2021 04:24
Sist oppdatert: 11.06.2021 15:27