Hammernes Leopold Ekornes foto Karoline Prytz Berset
TOLLTRØBBEL: Ekornes-sjef Trine Hammernes Leopold Ekornes har fått ei utfordring med tollmurar som hennar siste forgjengarar ikkje hadde. Foto: Karoline Prytz Berset
Nytt

Ekornes med auka pris, mindre volum

Konsernet får kompensert for redusert sal med auka prisar. Men USA-toll gir uvisse.

30.10.2025

Samanlikna med tredje kvartal 2024 auka Ekornes-konsernet inntektene med ein prosent i tredje kvartal i år. Stressless-stolar og -sofaer sto for 74 prosent av dei totale inntektene, og hadde ein inntektsauke på to prosent.

Hittil i år er inntekstveksten for konsernet fire prosent. 

Les børsmelding her

Uvisse om USA-marknad
USA er den største einskildmarkanden for Ekornes-konsernet og sto for 37 prosent av inntektene i 3. kvartal.

Det gjer at Ekornes er eitt av selskapa på Nordvestlandet som er mest utsett for konsekvensen av USA sin nye handelspolitikk, med høgare tollmurar.

Det har skapt - og skaper - uvisse, skriv selskapet i kvartalsrapporten. Situasjonen har gått ut over salet: 

"Utsiktene for Nord-Amerika har svekka seg etter at den amerikanske administrasjonen innførte auka tollavgifter for møbelimportørar, som trådde i kraft 14. oktober. Med raske endringar i rammevilkåra aukar usikkerheita, noko som påverkar tilliten blant forhandlarane. Ekornes vurderer mogelege tiltak, inkludert optimalisering av forsyningskjeda og utnytting av tilgjengeleg operasjonell fleksibilitet i Nord-Amerika innan produksjon, montering og lagerstruktur. Langsiktige initiativ for å endre den operasjonelle strukturen vil derimot ta tid å gjennomføre, og krev meir klarheit rundt rammevilkåra før dei kan setjast i verk.", skriv Ekornes-konsernet i kvartalsrapporten. 

Ekornes QM Holding  
Pr. 3. kvartal. I mill. kroner20252024
Driftsinntekt2914,22800,8
Driftsresultat204,450,2
Resultat før skatt12,3-108,6
   
Ekornes QM Holding   
3. kvartal. I mill. kroner20252024
Driftsinntekt854,4852,3
Driftsresultat34,936,7
Resultat før skatt-25,8-4,1

Publisert: 30.10.2025 10:22

Sist oppdatert: 30.10.2025 11:54

Mer om