I kjølvatnet av konkursen hos Brødrene Aa, er det jobba kontinuerleg med å etablere ei ny verksemd ved verftet i Hyen.
Måndag blir det opplyst i ei pressmelding at dei tidlegare eigarane har starta selskapet Brødrene Aa Hyen AS, som blir oppkapitalisert og tek sikte på å starte ny drift i løpet av to-tre veker.
Tidlegare verftssjef Tor Øyvin Aa er fungerande dagleg leiar i selskapet.
– Vi er i tett samarbeid med kundar, leverandørar, bank, bustyre, og verkemiddelapparat – og er avhengige av å få avklaring på viktige detaljer for å kome vidare, heiter det i meldinga frå selskapet.
– Satsar på gradvis oppstart
– Vi satsar på gradvis oppstart av aktivitetane og ei viktig forutsetning for at den nye drifta skal lukkast er at vi klarer å få med oss tidlegare tilsette med den unike erfaringa og kunnskapen dei har, uttaler styreleiar Anstein Aa i Brødrene Aa Eigedom.
Aa-familien sitt holdingselskap har vore i forhandlingar med finske Sunna Defence, men i helga blei det kjent at den avtalen gjekk i vasken.
Tidlegare i sommar vart det starta ny drift i Brødrene Aa sitt anlegg i Eikefjord i Sunnfjord. Her har det vore mellom 40 og 50 tilsette i arbeid sidan august, blir det opplyst.
Konkurs etter kansellering
Hurtigbåtverftet Brødrene Aa melde oppbod 30 mai i år.
Bakgrunnen var dei økonomiske utfordringane som oppstod etter at Norled kansellerte kontrakten på tre hurtigbåtar under bygging ved verftet i Hyen.
168 tilsette vart råka av konkursen i selskapet som er den klart største private arbeidsgivaren i Hyen.
Saka blir oppdatert
Publisert: 20.10.2025 10:45
Sist oppdatert: 20.10.2025 10:55






