DSC08849 1
SVART OG GULL: Illustrasjon av nye Leinebris som skal vere klar neste år. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Leinebø går i svart

Femte generasjon i fiskebåtreiarlaget bak fargerevolusjon.

11.01.2024

Blått har vore fargen heilt sidan familiereiarlaget byrja å bygge fiskebåtar i stål. Når nye Leinebris blir levert frå Tersan Shipyard neste år er fargen svart, med namn og dekor i gullfarge.

Nye leinebris
ÅLESUND: Paul Harald Leinebø og Lisa Pinheiro Leinebø presenterte nye Leinebris på Ombordfrystkonferansen torsdag. Til høgre programleiar Odd Kristian Dahle. Foto: Ogne Øyehaug

Eksklusivt image
Lisa Leinebø Pinheiro er femte generasjon i reiarlaget, og det er hennar verk at den nye båten blir i svart og gullfarge.

Det handlar om å bygge opp eit eksklusivt image, som speglar verdien og kvaliteten på fisken, og også at fargen på fartøyet skal samsvare med emballasjen selskapet allereie har på produkt selskapet sel under eige varemerke.

Batteripakke på nyskapande båt
Nye Leinebris blir utrusta med stor batteripakke og tre generatorsett for diesel-elektriske framdrift, skal kombinerer både line, snurrevad og garn og får tankar for oppbevaring av levande fisk.

Fjoråret blei eit svært godt økonomisk år for selskapa for PHL Holding-konsernet til Paul Harald Leinebø og familien.

Publisert: 11.01.2024 13:53

Sist oppdatert: 12.01.2024 10:21

Mer om