Leinebris phl seagold foto leinebris på facebook 11
GOD BUSINESS: Fjoråret var eit rekordår for Leinebø-selskapa. Denne lasten frå Leinebris skulle til Storbritannia, der mykje endar som fish and chips. Foto: Leinebris på Facebook
Nytt

Rekordresultat etter gevinst frå skipssal

Stort overskot for Leinebris-reiarlaget i fjor – og pilene peiker rett opp for kvitfisksalet.

Marius Rosbach
27.07.2023

Fjoråret blei eit svært godt økonomisk år for selskapa til Paul Harald Leinebø og familien.

PHL Holding-konsernet hadde ei omsetning på totalt 654 millioner. Selskapet eig drygt halvparten av Leinebris-reiarlaget med base i Herøy. I konsernet ligg også heileigde PHL Seagold, som driv med kjøp og sal av fisk.

Gevinst på fartøysal gjer at resultat før skatt vart rekordhøge 56 millionar kroner for fiskebåtreiarlaget i fjor.

Leinebris fiskar hovudsakleg torsk, sei og hyse, og salsinntektene stoppa i fjor på 105 millionar – medan anna driftsinntekt på drygt 55 millionar, gjer det store overskotet (sjå tabell under).

Leinebris
Årsresultat (i mill kr)20222021
Driftsinntekter160,499,6
Driftsresultat64,99,6
Resultat før skatt563,9

Selde Leinebris til dotterselskap
Forklaringa på salsinntektene på 235 millionar kroner - som går fram av notane i årsmeldinga - er at selskapet selde linebåten Leinebris, til dotterselskapet Urvaag, fortel Paul Leinebø til NETT NO.

Reiarlaget kjøpte Averøy-selskapet som tidlegare heitte Husby Senior, på tampen av 2021. I fjor skifta dei namn på selskapet til Urvaag. Leinebris skal helde fram å fiske for dette selskapet, til «Nye Leinebris» blir levert i 2025.

– Ettertrakta og godt betalt fisk
Leiinga skriv at dei ser positivt på det neste driftsåret. Det er stor etterspurnad etter norsk fisk og «stendig» auke i prisane på dei fleste fiskeslaga.

– Vi registrerer at linefisket er ettertrakta og godt betalt fisk, ja faktisk den best betalande fisken i marknaden, og at særleg mykje av denne fisken går godt i daglegvarebutikkane, skriv leiinga vidare i årsmeldinga.

I fiskeriverksemda var det sysselsett 35 årsverk i 2022, nokre færre enn dei 42 året før.

Vi registrerer at linefisket er ettertrakta og godt betalt fisk, ja faktisk den best betalande fisken i marknaden
Leinebris-leiinga i årsmeldinga
Nye Leinebris illustrasjon Skipsteknisk 11
NYBYGG: Slik skal nye Leinebris bli sjåande ut. Nybygget skal vere klart sommaren 2025 og får fleire nyvinningar om bord, mellom anna ei stor batteripakke. Illustrasjon: Skipsteknisk

Har bestilt nybygg
Leinebris-reiarlaget er eigd av Paul Harald Leinebø i Herøy og Åge og Øyvind Uran med fleire på Averøya etter at dei to reiarlaga slo seg saman og bygde dagens «Leinebris» i 2015.

Reiarlaget bestilte tidlegare i år eit nybygg teikna av Skipsteknisk i Ålesund, som skal vere klar til levering i juni 2025.

Den nye kombinerte line-, garn- og snurrevadbåten skal byggast av Tersan Shipyard i Tyrkia og vert 67,3 meter lang og 15,00 meter brei. Kystmagasinet har tidlegare anslått prisen til om lag ein halv milliard kroner.

Stor auke i fiskesalet
I Leinebø-konsernet ligg også selskapet PHL Seagold, som driv med kjøp og sal av fisk. Her peika utviklinga av inntektene rett opp i fjor. Omsetninga auka frå 325 millionar i 2021, til 546 millionar kroner i 2022, som er ny rekord med solid margin.

Lønnsemda vart likevel svakare med eit resultat før skatt på 5,6 millionar (sjå tabell under).

Salsinntektene i Europa auka frå 240 til 336 millioner, og til USA auka salet ekstraordinært frå 62 til 176 millionar i fjor. I år er omsetninga meir tilbake på normalen, ifølgje Leinebø.

PHL Seagold-selskapet sysselsette fem årsverk i fjor, og er heileigd av Paul Harald Leinebø.

Phl Seagold
Årsresultat (i mill kr)20222021
Driftsinntekter546,2325,2
Driftsresultat14,111,4
Resultat før skatt7,25,4

Normalisert etter koronapandemien
Mykje av fisken frå selskapet endar som fish and chips-måltid i Storbritannia. Her har marknaden normalisert seg etter koronapandemien, og overgangen etter Brexit har gått greitt, skriv leiinga i årsmeldinga.

Trass stor prisauke på norsk fisk, opplever salsselskapet stor etterspurnad, godt hjelp av svak kronekurs og lågare tilgang på råvarer i marknaden.

Som følgje av krigen i Ukraina, vel også fleire fisk frå Norge, framfor Russland, skriv leiinga.

Urvaag

Årsresultat (i mill kr)
2022
2021
Driftsinntekter
16,8
38,4
Driftsresultat
5,9
8
Resultat før skatt
4,7
8,2

Publisert: 27.07.2023 05:00

Sist oppdatert: 27.07.2023 10:12

Mer om