Skal fiske med både line, garn og snurrevad
Leinebris-reiarlaget satsar friskt med nyskapande båt.
- Vi ønsker å fiske for framtida og ta vare på dei ressursane vi har på best mogleg måte. Då må vi både tenke nytt og bygge nytt.
Det seier reiar Paul Harald Leinebø i ei pressemelding etter at det er klart at reiarlaget byggjer kombinert line-, garn- og snurrevadbåt ved Tersan-verftet i Tyrkia.
- Summen av alle dei nye investeringane gjer at vi når berekraftsmåla innan 2030 og avgrensar vårt avtrykk på havet, seier Leinebø.
Leinebø, er dagleg leiar i selskapet, medan Åge Uran er styreleiar. Skipsteknisk står for designet, og partane har over tid samarbeidd tett for å kome fram til dei beste investeringane og grøne løysingane.
Batteripakke
Nye Leinebris vil bli utrusta med stor batteripakke og tre generatorsett for diesel-elektriske framdrift. Nyskapande er asimut-thruster i hekk og baug for meir effektiv energibruk og manøvrering. Særleg har det vore fokus på å nyttiggjere all energi som produserast om bord, og båten har elektrisk dekksutstyr og vinsjar.
Gjennom eit berekraftig fiskeri og forvaltning av ressursane ønsker reiarlaget å inspirere og bidra til at Norge som sjømatnasjon kan gå fram som førebilde og gjere det enklare for folk å ta miljøvennlege matval, blir det opplyst i pressemeldinga.
Også snurrevad
Nybygget er planlagt å vere klart for fiske om rundt to år, med ei lengde på 64.90 meter og ei breidde på 15 meter.
Nye Leinebris blir også det fyrste fartøyet som kombinerer både line, snurrevad og garn. Det vil gi ein fleksibilitet til å kunne bruke den reiskapen som setter minst klimaavtrykk.
- Dette vil optimalisere og effektivisere fiskeriet, der vi kan tilpasse val av reiskap etter sesong og fiskemønster, seier Åge Uran.
RSW-tankar
Det nye fartøyet vil også få RSW-tankar for å kunne føre fisken levande om bord og til produksjon, og med moglegheit for å losse direkte frå tankane til land.
- Alt dette gjer vi for å oppnå best mogleg kvalitet på fisken vi tek om bord. Som linefiskarar veit vi kor viktig det er, og har trua på å vidareføre kunnskapen og erfaringane vi sit med frå linefiske til snurrevad, seier Leinebø.
Dobbelt lastedekk, overbygde arbeidsdekk og moonpool vil ivareta tryggleiken til mannskapet. Ensilasje-produksjon og ivaretaking av bi-produkt gjer at all fisk som kjem om bord blir fullt utnytta.
Finansieringa er det SpareBank1 SMN, SpareBank1 Nordmøre, Innovasjon Norge og EksFin som står for. I tillegg har ein støtte frå Enova og NOx-fondet.
Av leverandørar finn ein Yanmar, Siemens, Brunvoll, Carsoe, PAM Ref., Mustad, Evotec, Storm, Cflow, Florvaag, Pelagia Hordafor og Smådal Mekaniske.
Publisert: 01.02.2023 09:53
Sist oppdatert: 01.02.2023 16:29