Kamskjell IKKE GJENBRUK FOTO NPK 1
MANGLAR OVERSIKT: Kamskjelbestanden på Vestlandet har aldri vore overvaka før: – Vi veit det er mykje kamskjel, men har behov for å få meir informasjon om kva fridykkinga betyr for dei, seier HI-forskar. Foto: NTB / NPK
Nytt

Leitar etter delikatesse på Vestlandet

Det blir hausta ukjente mengder kamskjell. No skal Havforskingsinstituttet kartlegge bestanden.

NPK
23.10.2023

(NPK): Kamskjelbestanden på Vestlandet har aldri vore overvaka – før no. Havforskingsinstituttet skal finne ut kor mykje bestanden blir påverka av fridykking.

Det lever ei luksusråvare langs kysten på Vestlandet. Ho er på same tid meir tilgjengeleg og meir vanskeleg å få tak i enn hummaren. Ho ligg like under havoverflata, har ikkje ein avgrensa fangstsesong som hummaren, heller ikkje klør eller hale å skade fiskarar med, men du må dykke for å få tak i henne.

Det blir hausta ukjende mengder av denne delikatessa – kamskjel – på Vestlandet. No vil havforskarane finne ut korleis det står til med bestanden.

– Nordmenn har ikkje lang tradisjon for fangst av kamskjel for å ete. Skjel har inntil nyleg blitt sett på som agn. Først på 1990-talet blei det starta kommersielt fiske. No er det eit luksusprodukt. Samtidig har det blitt meir populært blant fritidsdykkarar å plukke kamskjel sjølve, seier forskar Ellen Sofie Grefsrud ved Havforskingsinstituttet (HI).

Påverknad av fridykking
Det er berre i Trøndelag og Nordland – der det er kommersielt kamskjelfiske – at HI har følgt med på bestandane. No har instituttet fleire tokt langs vestlandskysten for å finne ut kor mange kamskjel det er. Dei skal òg finne ut kor store dei er, kor mykje dei veks, kor gamle dei er, kor dei held dei til, og kor mykje bestanden blir påverka av fridykking.

Simen Wilberg jobbar ved Frivannsliv.no, ein nettbutikk som sel fridykkingsutstyr og held kurs for fridykkarar. Han seier fridykking har blitt meir populært dei siste åra, noko som kan føre til at fleire er interesserte i å fange kamskjel.

– Vi opplever likevel ikkje større interesse for å plukke kamskjel. Fleire likar å dykke rundt i det store akvariet som er kysten vår, men når det er fleire i sjøen, er det naturleg at det er fleire som òg plukkar kamskjel.

Han seier førekomsten av kamskjel er heilt annleis på Vestlandet enn til dømes i Trøndelag.

– Rundt Hitra i Trøndelag er det endelause marker med sandbotn og kamskjel. Det er overflod. Du kan heilt fint ta 20–40 skjel utan at det påverkar bestanden.

– Andre stader er det lengre mellom skjela. Det handlar om å ha lokalforståing. Det som er riktig på Hitra, er ikkje riktig andre stader.

To tommelfingerreglar
Han seier der er to tommelfingerreglar å hugse på når ein skal plukke kamskjel:

– Ikkje plukk kamskjel som er mindre enn knyttneven din med dykkarhanske på. Er kamskjelet mindre enn det, lèt du det liggje.

– La òg kvart tredje kamskjel du finn, liggje. Slik sørgjer du for at det er igjen nok i området til å halde bestanden ved like.

Han seier fridykkarar, til forskjell frå apparatdykkarar , har ei naturleg avgrensing på kor mange kamskjel dei får med seg.

– Kamskjel trivst djupt. Som fridykkar har du avgrensa djupn å dykke til. Det er kamskjel ti meter under havoverflata, men dei verkeleg store mengdene ligg frå 40 meter. Apparatdykkarar når lengre ned og treng ikkje å gå opp for å trekkje luft. Dei kan jobbe systematisk med å plukke kamskjel på éin stad. Fridykkarar er aldri lenge på same stad. Dei må opp og trekke luft og driv vidare. Det gjer det til ei naturleg regulering.

Blir meir tilgjengeleg
Så langt i overvakinga har forskarane henta prøver frå utvalde stader i Nordhordland. Først tel dykkarar alle levande kamskjel i eit tre meter breitt og 25 meter langt område ved hjelp av tau og stong. I løpet av eit dykk blir 5–6 slike område undersøkt. I tillegg til kamskjel blir også botntype, flora og fauna registrert.

Seinare skal overvakinga flytte sørover.

Forskar Grefsrud meiner det er viktig å følgje med på bestanden i tida framover. Klimaendringar fører til eit varmare hav. Det kan vere til fordel for ein varmekjær art som kamskjel. Det er likevel ikkje sikkert at kamskjelet er ein "klimavinnar".

– Stort kamskjel er ein art som gjer det betre når temperaturen går opp. No spreier han seg lengre nordover. Vi får meldingar om at han går grunnare og blir enklare å få tak i. Då må vi vite kva som skjer i sør.

Plukkereglar
Ved hummarfiske finst det fleire avgrensingar, mellom anna tidsperioden for fiske og kva slags teiner ein kan bruke. Der er òg krav om å registrere seg som hummarfiskar hos Fiskeridirektoratet og melde inn fangsten.

Der er ingen slike avgrensingar for kamskjel.

– Vi har ikkje regulering i Noreg, anna enn at det blir tilrådd eit minstemål på 10 centimeter. Vi stolar på at dykkarane tek omsyn sjølve, seier Grefsrud.

Ho meiner ein kunne gjort som med hummarfisket i Noreg. Der får fritidsfiskarane fiske, men må rapportere inn fangsten. Då får Havforskingsinstituttet tal til å halde tilsyn med bestanden.

– Det kan òg vere aktuelt å berre gjere det mogleg å hauste kamskjel utanfor gyteperioden. Slike reguleringar er opp til forvaltninga å bestemme, seier Grefsrud.

Wiberg ved Frivannsliv.no seier liknande krav og avgrensingar som med hummaren er velkomne om fagfolk meiner bestanden er truga.

– Eg er tilhengar av å lytte til fagfolk, ikkje synsing. Om Havforskingsinstituttet og forskarane der seier bestanden må få fred, så er avgrensing fint. Det bevarer godet av å sanke frå naturen.

(©NPK)

Publisert: 23.10.2023 13:47

Sist oppdatert: 23.10.2023 13:45

Mer om