
Leitar framleis etter sakna fiskarar
Éin av to redningsflåter funne etter at Ervik-båt forliste i dårleg vêr.
(NPK-NTB-AFP): Ni personar er funne omkomne etter at den norskeigde båten Argos Georgia sokk utanfor Falklandsøyane. Framleis er fem personar sakna.
Søket etter dei sakna går framleis føre seg etter at fiskebåten forliste tysdag, skriv Bergens Tidende.
– Søket går føre seg med eit større fartøy. Viss vêrforholda blir greie, skal dei igjen søkje frå lufta, seier redningsleiar Per Hognaland i Hovudredningssentralen til BT onsdag morgon.
Det er framleis veldig dårleg vêr i området, fortel han.
– Søket verkar bra organisert. Det blir godt jobba, men vêret set avgrensingar og er på veg til å bli dårleg igjen.
Tre russarar døydde
Så langt er åtte personar funne døde. Tre av desse er russarar, melder det russiske nyheitsbyrået Ria Novosti. Åtte russarar var om bord då skipet forliste. Ein av desse er sakna, skriv VG.
Det var i alt 27 personar om bord i båten. 14 av dei er redda opp frå vatnet. Ifølgje den spanske avisa El Confidencial var ti besetningsmedlemmer spanske statsborgarar. I tillegg til dei åtte frå Russland, var fem frå Indonesia, to frå Peru og to frå Uruguay, skriv nyheitsbyrået Reuters.
Ingen av mannskapet er norske statsborgarar, opplyste administrerande direktør Robert Ervik i Ervik Havfiske, som eig båten, til NRK tysdag.
Langt ute frå øyane
Det vart tysdag sett i gang søk etter dei som er sakna, trass i dårleg vêr.
– Fiskebåten har gått ned. Dei om bord har gått om bord i ein flåte og driv der ute. Det er forferdeleg mykje vind og vêr der. Det er ikkje så mykje anna å seie enn at det går føre seg ein aksjon for å berge dei som er i flåtane, sa redningsleiar Ståle Jamtli i Hovudredningssentralen til Bergens Tidende tysdag.
– Det er ein utfordrande situasjon der ute. Det er veldig langt ute frå øyane, i tillegg til at det blæs omtrent orkan, sa Jamtli til avisa.
Onsdag får BT opplyst at to redningsflåtar er funne. Den eine er teken opp på ein båt, medan den andre framleis er i sjøen.
– Båten låg med slagside
Til Fjordenes Tidende seier Ervik at dei fekk melding om hendinga måndag kveld.
– Båten låg med slagside og hadde behov for assistanse.
Båten Argos Georgia er på 2050 bruttotonn, er 54 meter lang og 13 meter brei. Det er selskapet Argos Froyanes som driftar båten, men han er eigd av fiskeselskapet Ervik Havfiske.
Falklandsøyane, som ligg aust for Argentina, høyrer til Storbritannia.
Publisert: 24.07.2024 12:58
Sist oppdatert: 24.07.2024 14:05