Bjorli foto Ogne
KLARSIGNAL: Lesja kommune reknar med å ha reguleringsplanen for ei stortstilt utbygging på Bjorli klar i løpet av juni. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Lesja gir klarsignal for Bjorli-utbygging

Før juni er omme har Lesja kommune vedtatt ein reguleringsplan som opnar for store investeringar og minst to ti-år med utbyggingar på Bjorli.

07.04.2021

Så langt har det vore brei oppslutning om selskapet Bjorli Utvikling sine planar om fleire skiheiser, løyper og ikkje minst fleire hytter på Bjorli.

Det fortel ordførar Mariann Skotte i Lesja kommune.

I dag skal formannskapet i Lesja ta stilling til om kommunen skal inngå såkalla utviklingsavtalar med utbyggarane, og i neste veke skal kommunestyret gjere endeleg vedtak.

Passerer milepel
Går det som venta i formannskap og kommunestyre denne og neste veke passerer Bjorli Utvikling straks ein viktig milepel.

Utviklingsavtalar inneber mellom anna at kommunen blir med som planleggar og utbyggar av infrastruktur. Det forenklar både utbygging og finansiering.

Kommunen har også som mål at reguleringsplanen for det 11.000 dekar store området er klar innan utløpet av juni, og så langt ligg kommunen an til å bli ferdig som planlagt, seier ordførar Mariann Skotte til NETT NO.

Kjøper anlegg
Bjorli Utvikling, selskapet bak utbyggingsplanane, har ein avtale om å kjøpe skianlegget på Bjorli frå Wenaasgruppen.

Det avtalte kjøpet må skje innan utløpet av juni, og difor er ei avklaring om reguleringsplanen før juni er omme kjærkome for Bjorli Utvikling.

Verdien av sjølve anlegget er sett til 50 millionar kroner, ifølgje styremedlem og medinvestor Jon Ketil Gjørtz.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Bjorli Utvikling as
Største aksjonærar

Eigarskap i prosent

Volstad Invest as6,94 %
Erik Bakke Holding as6,94 %
Kjøll Invest as6,22 %
Calidris as5,56 %
Romsdalen as5,56 %
Octopus Invest as4,17 %
MgcGC Sagatun as4,17 %
Jon Ketil Gjørtz4,17 %
Kjelde: Sunnmørsposten

Meir eigenkapital
Så langt har Bjorli Utvikling finansiert ein masterplan for utbygging på Bjorli, og jobbar med å finansiere kjøpet av skianlegget.

Både det, og neste steg i utviklinga - bygging av veg, avløp og annan infrastruktur, krev meir eigenkapital, ifølgje Gjørtz.

Han anslår at infrastrukturinvesteringane i første omgang krev at det blir reist ein eigenkapital på pluss/minus 100 millionar kroner.

Arbeidet med å få inn investorar er i gang, og målet er å få med investorar som vil vere med lenge, og som ser at det kan bli naudsynt å gå inn med kapital i fleire omgangar undervegs.

Milliardarinvestering
skimagasinet Fri Flyt og avisa GD på Lillehammer skreiv om utbyggingsplanane på Bjorli i september 2020 var det snakk om utbyggingar for "fleire hundre millionar kroner".

I Finansavisen påskeutgåve i år er investeringane anslått til 1,5 milliardar kroner fram til 2030 og ytterlegare 2,5 milliardar fram 2030 til 2040.

Grunneigarane er med
Det er snakk om investeringar over ein lang periode, understrekar Gjørtz, men målet er å skape ein destinasjon som er stor nok til å på nytt bli eit trekkplaster.

Då må det både til fleire løyper og eit tilbod av mellom anna hotell, butikkar og restauranter, på line med andre større skidestinasjonar.

Omlag 20 grunneigarar er med på planen, som sikrar plass til 5000 nye senger, fordelt på hotell, hytter og leilegheiter og to nye skiheiser med tilhøyrande nye løyper.

Publisert: 07.04.2021 06:00

Sist oppdatert: 12.05.2021 11:11

Mer om