HANSEATIC spirit by VARD photo uavpic com 1
UT PÅ TUR: Hanseatic Spirit er det tredje ekspedisjonscruiseskipet Vard har bygd for Hapag Lloyd. Foto: Vard
Nytt

Leverer cruiseskip nummer tre

Ekspedisjonscruiseskipet Hanseatic Spirit er overlevert.

29.06.2021

Skipet er det tredje i rekka som Vard byggjer for cruiseselskapet for Hapag Lloyd. No er det overlevert frå Vard Langsten, ifølgje ei pressemelding.

Etter overleveringa rettar Vard Langsten seg inn mot ombygging, reparasjon og vedlikehald fram til skroget til det første av tre kystvaktskip kjem seinare i år. Dei tre kystvaktskipa skal leverast høvesvis i 2022, 2023 og 2024. Også Kjell Inge Røkkes yacht/forskingsfartøy Rev Ocean ligg i Tomrefjord, fleire år forseinka.

Vard Søviknes skal levere eit cruisefarty til Ponant i løpet av sommaren og byrje på eit nytt for Viking Cruises etter sommarferien.

Vard Brattvåg skal levere eit kabelleggingfartøy i år, og har to trålarar og eit nytt kabelleggingfartøy i bestilling. Også i Brattvåg blir det eit periode der verftet satsar på ombygging, reparasjon og vedlikehald.

Publisert: 29.06.2021 09:36

Sist oppdatert: 29.06.2021 09:38

Mer om