Norske turistar er for viktig for juli-resultatet, og juli er viktig for årsresultatet for mange hotell i regionen.
Ein månad med silregn er ikkje bra, men får Aina Aalen Bjerkvik innfridd bestillinga sin om brukbart vêr, ligg Quality Hotel Waterfront godt an til ein inntektsvekst omlag som i 2024 (sjå tabell under).
Då ventar dei også yttterlegare betring i lønsemda.
– Litt betre marginar, trass auka kostnadar
2024 blei det andre året på rad med ein inntektsvekst rundt 10 millionar kroner.
– Vi er greit fornøgd med fjoråret. At resultatet blei betre, er veldig gledeleg. Vi dreiv med litt betre marginar, trass auka kostnadar, seier Aalen Bjerkvik.
Waterfront-hotellet utvida med 53 nye rom midtvegs i 2023.
Utvidinga gjorde Waterfront til det største hotellet i Ålesund, med 248 rom. På plassen bak følgjer Scandic Parken som har tett oppunder 200 rom.
Tre Quality-hotell på Sunnmøre
Quality Hotel Waterfront i Ålesund er eitt av tre hotell i Quality-kjeda på Sunnmøre.
I same by ligg Quality Hotel Ålesund. Det tredje hotellet et Quality Hotel Ulstein i Ulsteinvik (sjå tabellar under).
Quality-kjeda er en av fem hotellkjeder eigd av det Petter Stordalen-dominerte Strawberry-konsernet.
| Hotel Ålesund AS (Quality Hotel Waterfront) | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 81,1 | 71,6 |
| Driftsresultat | 2,3 | 1,0 |
| Resultat før skatt | 2,7 | 0,9 |
| SBG Drift AS (Quality Hotel Ålesund) | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 55,7 | 53,0 |
| Driftsresultat | 3,0 | 3,8 |
| Resultat før skatt | 3,2 | 4,1 |
| Hotel Ulstein AS (Quality Hotel Ulstein) | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 48,9 | 45,5 |
| Driftsresultat | 1,1 | 1,1 |
| Resultat før skatt | 1,3 | 1,3 |
Publisert: 18.06.2025 14:26
Sist oppdatert: 18.06.2025 17:27





