Lite brukt redningsplanke
Frykta for eit konkursras under koronakrisa gjorde at nye reglar om offentlege gjeldsforhandlingar vart vedtatt i fjor. Så langt er ordninga lite brukt.
ANALYSE
Etter påske skal aksjonærane i det kriseråka seismikkselskapet Axxis Geo Solutions seie ja eller nei til framlegget som er lagt fram til refinansiering av selskapet, etter offentlege gjeldsforhandlingar
Etter at ein av obligasjonslångivarane tidlegare i år sa nei til styret sitt framlegg til refinansiering, gjekk selskapet til retten og bad om offentlege gjeldsforhandlingar.
Når kreditorane skal ta stilling til utfallet av gjeldsforhandlingane har ikkje investoren som sa nei i første omgang lenger nokon vetorett. No er det nok at kreditorar som representerer krav på over halvparten av gjelda støttar framlegget. Gjer dei det må alle rette seg etter vedtaket.
Også under det tidlegare regelverket for offentlege gjeldsforhandlingar vart det eit bindande vedtak dersom kreditorane som representerte over halvparten av krava mot selskapet stilte seg bak utfallet av forhandlingane.
Men den store skilnaden på den gamle ordninga og den mellombelse ordninga som kom 11. mai i fjor er først og fremst at det er raskare å kome i gang med offentlege gjeldsforhandlingar.
Offentlege gjeldsforhandlingar treng ikkje lenger vere siste forsøk på å finne løysingar for å få eit kriseråka selskap til å klare seg og kome ut av krisa som eit levedyktig selskap. No kan det vere den første løysinga, den som styret i Axxis Geo Solutions greip til straks det viste seg uråd å samle alle kreditorane om styret si løysing.
Dermed fekk selskapet eit pusterom, og ikkje minst eit vern mot å blir slått konkurs så lenge dei offentleg gjeldsforhandlingane varte.
Det rettsvernet var der ikkje under den gamle ordninga, og er nokon som mange har ønskt seg.
Bakgrunnen for lovendringa i fjor vår var frykt for ei konkursbølge på grunn av den verdsomspennande koronaepidemien og tiltaka mot den.
– Vi vil gjøre det enklere å redde bedrifter som nå er kommet i fare for å gå konkurs, og slik redde viktige arbeidsplasser. Derfor fremmer vi dette forslaget om å sikre mer effektive gjeldsforhandlingsregler, sa justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H) våren 2020.
Lova er eit mellombels lov, fram til 1. januar 2022, men blir truleg bli permanent, om enn med justeringar.
Konkursbølgja mange frykta i fjor vår kom ikkje.
I Ålesund kommune, til dømes, vart det registrert 42 konkursopningar i frå 12. mars 2020 til 12. mars 2021.
Frå 12. mars 2019 til 12. mars 2020 vart det opna 70 konkursar.
Biletet er det same om vi ser på heile Møre og Romsdal, eller heile landet. Det var vesentleg fleire konkursopningar i 12-månadersperioden før regjeringa stengte ned store deler av aktiviteten i samfunnet enn i 12-månadersperioden etter.
Færre konkursar under koronakrisa er er truleg ein viktig grunn til at bruken av offentlege gjeldsforhandlingar etter dei nye reglane ikkje har vore omfattande heller.
Hos Søre Sunnmøre tingrett til dømes, er det registrert berre ei - 1 - offentleg gjeldsforhandling etter at dei nye reglane kom. I Vestland fylke har det ikkje vore nokon slike saker. I heile landet er det registrert 29 slike saker.
Men det betyr ikkje at dei nye reglane er ein fiasko.
Det tek tid for advokatar og næringsdrivande å lære det nye regelverket og opparbeid tillit til det, seier John Skjørshammer i Advokatfirmaet Kvale til NETT NO.
Kostnaden med å gjennomføre ei offentleg gjeldsforhandling er så stor at ordninga først og blir brukt av større bedrifter, men Skjørshammer ventar at bruken av ordninga vil auke framover. Han ønskjer ytterlegare forenklingar og større fullmakter til dei som styrer gjeldsforhandlingane om ordningar blir permanent frå 1. januar neste år.
Større fullmakter betyr med andre ord meir makt til å skjere gjennom, og dermed redusere i kor stor grad einskildkreditorar kan påverke utfallet av gjeldsforhandlingane.
Etterspørselen etter ordninga vil truleg auke når vaksinene får koronaepidemien til å ebbe ut, smitteverntiltaka ikkje lenger er naudsynte, støtteordingane frå staten til næringslivet blir fasa ut og ikkje minst når skattestyresmaktene blir like strenge som før epidemien.
Publisert: 21.03.2021 06:00
Sist oppdatert: 21.03.2021 13:58