Satsar på miljøvenleg flåte
Remøy Group betra innteninga i fjor og har oppgradert flåten med miljøvenleg teknologi.
Remøy Group er eit familiereiarlag med ei meir enn hundreårig historie, og har både eigne skip og management på andre skip.
Det Fosnavåg-baserte selskapet omsette i fjor for 288,8 millionar kroner, og hadde eit resultat før skatt på 0,9 millionar (sjå tabell).
Det var først og fremst managementet gjennom Remøy Shipping som bidrog til det positive resultatet, men det hjalp også på at konsernets eigne skip fekk nye kontraktar med stigande rater.
Remøy Group | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2021 | 2020 | |
Driftsinntekter | 288,8 | 267,1 | |
Driftsresultat | 21,5 | -2,6 | |
Resultat før skatt | 0,9 | -25 |
Nye kontraktar
Reiarlagets eigen flåte består av PSV-ane Rem Hrist, Rem Mist og Rem Eir, samt kystvaktskipet Magnus Lagabøte.
Kystvaktskipet har kontrakt fram til 2026 med Forsvarets Logistikkorganisasjon.
PSV-en Rem Eir fekk i starten av 2022 ein ny langtidskontrakt med Equinor, som gir arbeid til minst 2027, opplyser selskqpet i årsrapporten.
Rem Mist fekk i første kvartal i år kontrakt med Equinor for seks månader, medan Rem Hrist no operer i spotmarknaden etter å ha gått av kontrakt i mars i år.
Batteripakkar og LNG
Remøy Goup karakteriserer sin eigen flåte som ein av dei mest moderne og miljøvenlege i verda. Det vert vist til at alle PSV-ane har fått installert batteripakkar, medan Rem Eir i tillegg er tilrettelagt for å gå på flytande naturgass.
Selskapet har også på gang eit prosjekt der ambisjonen er å oppgradere framdriftssystemet om bord på Rem Eir til å gå på ammoniakk.
Dei største inntektene i fjor kom frå dotterselskapet Remøy Shipping, som hadde eit resultat før skatt på 9,4 millionar kroner.
Miste management-oppdrag
Selskapet hadde i 2021 ansvaret for drifta av 17 ulike fartøy, men miste i starten av 2022 ansvaret for åtte PSV-ar til Pearl Bilco etter at alle PSV-ane vart selde.
Remøy Group opplyser at Remøy Shipping er godt i gang med å byggje opp ny management-aktivitet, og har blant anna fått managementet på to PSV-ar for Seacor Marine.
Konsernet har ein samla eigenkapital på 203,9 millionar kroner, og ei langsiktig gjeld på 623,1 millionar.
Søstrene Helene Remøy og Line Remøy Strømsvik eig halvparten av konsernet, medan resten er eigd av Joakim Remøy og sonen Daniel J. Remøy, der førstenemnde eig mest.
Publisert: 07.06.2022 14:23
Sist oppdatert: 07.06.2022 14:30