Litt betring etter tungt år
- Vi ventar på at seismikkmarkanden skal kome litt tilbake, men slike høge toppar som vi hadde før, det håper eg vi ikkje får.
Det seier gründer Hallgeir Skorpen ved Westplast på Leinøya.
Selskapet har vore store på bygging av arbeidsbåtar til seismikkselskapa. Blant anna hadde selskapet i 2014 ei omsetning på 65,6 millionar kroner og eit resultat før skatt på 17,3 millionar.
2020 vart derimot det svakaste året hittil, med ei omsetning på 16,8 millionar, og eit resultat før skatt på minus 2,0 millionar.
- Vi kan ikkje halde fram å drive med tap, men eg er for gamal til å vere med på eit slikt voldsomt køyr som vi hadde då vi bygde enormt mange arbeidsbåtar, seier Skorpen.
Gjeldfrie
Men selskapet har ikkje gjeld, og har 11,8 millionar kroner i samla eigenkapital.
- Heldigvis er vi slik økonomisk stilte at vi tolte eit slikt år som vi hadde i fjor, og litt av forklaringa til dei dårlege tala er at vi selde ein eigenutvikla vaskebåt til oppdrettsnæringa for 300.000 kroner, ei satsing vi hadde brukt 2,5 millionar kroner på å utvikle.
(saka held fram under tabellen)
Westplast | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2020 | 2019 | |
Driftsinntekter | 16,8 | 29 | |
Driftsresultat | -2,6 | 2,6 | |
Resultat før skatt | -2 | 2 |
Seismikktørke
I tillegg til bygging av arbeidsbåtar til seismikk, har Westplast bygt opp treningssenter og driv i tillegg mykje med servicearbeid.
Siste åra har det vore smått med bestillingar frå seismikkselskapa.
- Vi pøvar å få dei til å forstå at vi må ha ei viss omsetning for å halde det gåande, men det sit litt langt inne.
- Men litt er på gang, blant anna ei bestilling frå eit Dubai-registrert selskap.
Heldigvis er vi slik økonomisk stilte at vi tolte eit slikt år som vi hadde i fjor
Service og reperasjonar
I årsrapporten skriv selskapet at det i 2020 har vore driftsmessige utfordringar, svekka likviditet, inntektssvikt og vesentleg auka marknadsmessig usikkerheit. Styret skriv at ein håper det er snakk om ei forbigåande krise og at ein i litt lenger perspektiv klarer å kome tilbake til sin økonomiske posisjon, herunder å etablere ei berekraftig inntening.
Hallgeir Skorpen seier at så langt i år ser det litt betre ut.
- Vi ser ut til å gå ut i omlag null på drifta. Inntil det vert ny fart i seismikk, konsenterer vi oss om service og reperasjonar.
Skorpen eig Westplast gjennom sitt selskap Fluda.
Publisert: 19.07.2021 16:25
Sist oppdatert: 19.07.2021 15:35