Lizbeth Osnes foto Privat
NY JOURNALIST: Lizbeth Osnes frå Sula startar som ny journalist i Nett No 1. februar. Foto: Privat
Nytt

Lizbeth Osnes startar i Nett No

Redaksjonen styrkar laget med erfaren journalist frå Skipsrevyen.

06.01.2025

Lizbeth Osnes startar som journalist i Nett No frå 1. februar. 

33-åringen har brei erfaring som journalist og har mellom anna levert saker som frilansjournalist til ein rekke ulike redaksjonar. Sidan 2021 har ho jobba i Skipsrevyen med maritime bransjar som spesialfelt. 

Osnes har utdanning både innan journalistikk og marknadsføring. Ho er busett i Langevåg med sambuar og to barn. 

Etter at Kjetil Haanes døyde i 2023 har den faste Nett No-redaksjonen bestått av Ogne Øyehaug og Marius Rosbach. 

Med tilsettinga av Osnes, styrkar vi igjen staben. 

Nett No er ei nettavis som dekker samfunns- og næringsliv i 20 kommunar på Nordvestlandet – på Sunnmøre, i Nordfjord og i Romsdal. Nettavisa starta å publisere i november 2013. 

Nett No-staben består også av marknadskoordinator Magnus Myklebust og dagleg leiar Eirik Staurset. 

Publisert: 06.01.2025 10:05

Sist oppdatert: 06.01.2025 10:05

Mer om