Lokalmat paa stigande kurs
GJENNOMBROT: I sommar fekk Silje Lee Knutsen (innfelt) i Storfjord Iskrem ein distribusjonsavtale som la grunnlag for heilårsarbeidsplassar.
Nytt

Lokalmat på stigande kurs

I løpet av sommaren og hausten har Silje Knutsen fått plass i kjølediskane med iskremen sin, frå Sogndal i sør til Orkanger i nord. 

12.12.2020
Knutsen starta iskremproduksjon i eit hjørne av ein tom møbelfabrikk i Stordal i 2018.
Dei to første åra var den geitemjølkbaserte isen til Storfjord Iskrem berre å finne på restaurantar, hotell og spesialbutikkar på Nordvestlandet. Storparten av aktiviteten var i sommarsesongen, og drifta var ein bigjeskjeft til jobben i marknadsavdelinga i Bygdebladet på Sjøholt. I fjor nådde selskapet 859.000 kroner i driftsinntekt, i år blir det omlag millionen og neste år ytterlegare vekst, når effekten av større distribusjon slår ut for heile året.

Målet for Knutsen har heile tida vore å sikre seg ein større distribusjon, og gjere iskremproduksjonen til heilårsarbeidsplassar.

Gjennombrotet

Med avtalen med Spesialistgrossisten Nordvest og Coop Nordvest kom gjennombrotet. Knutsen har allereie ein person tilsett i nesten full stilling. Frå årskiftet er planen at det blir ein fulltidsjobb, i tillegg til ho sjølv jobbar i selskapet på full tid.
Før Coop-avtalen kom hadde Knutsen tenkt at også 2020 skulle bli eit år der ho dreiv på deltid, og bygde seg sakte opp. Med Coop-avtalen kom den kjappe veksten eitt år før ho hadde tenkt seg i starten av året.
- Det betyr veldig mykje at Coop opna opp for Nordvestlandet, seier Knutsen.

Marknad i vekst

Ronny Sørbotten, som er marknadssjef i Coop Nordvest, seier dei har ein vekst i det såkalla lokalmatsalet på 12-13 prosent i år. Lokalmat i denne samanhengen betyr mat og drikke levert frå mindre lokale og regionale aktørar, og som er hovudsakleg frå området til Coop Nordvest.
Coop Nordvest omfattar sørlege del av Trøndelag, Møre og Romsdal og Vestlandet til og med Sognefjorden.
Sørbotten seier etterspørselen både har auka og blitt meir jamn gjennom året. Mat og drikke frå mindre, lokale leverandørar, er ikkje berre fest og høgtidsprodukt, men blir kjøpt av kundar også til kvardags.
I det store bilete er lokalmat ein liten del av daglegvaremarknaden, men med ein sterk vekst. I 2012 var salet av lokalmat og -drikke i daglegvarebutikkane 2,8 milliardar kroner, i år blir det omlag 5,9 milliardar, viser ein statistikk frå stiftinga Matmerk, som mellom anna arbeider for å legge til vekst for mindre produsentar av mat og drikke. Sal gjennom andre kanalar, som direktesal og Bondens Marked, er omlag like stort.

God sirkel

Lokalmat-veksten har opna eit større rom for mindre aktørar. Det er ikkje lenger slik at ein leverandør må klare å levere til kjedene på landsbasis for å kome innanfor. Difor kan fleire gjere som Knutsen i Storfjord Iskrem, og gå frå bigeskjeft til fulltid- og heilårsdrift.
Det har blitt ein god sirkel, sett frå aktørane i lokalmatbransjen. Etterspørselen aukar tilbodet, og større tilbod gir etterspørselen ytterlegare løft, som gir produsentane eit større grunnlag for drifta.
Coop Nordvest starta med eigne lokalmatavdelingar i dei større butikkane sine, Mega og Extra. For eitt år sidan byrja Coop Nordvest også å etablere slike avdelingar også i dei mindre sine butikkane, Prix.
- Fleire ønsker å kjøpe lokalmat. Det gjer at vi kan sette av plass i butikkane, seier Sørbotten.

28 millionar

Det er Spesialgrossisten Nordvest i Ålesund som står for distribusjonen av Storfjord Iskrem. Selskapet er ein del av ein nasjonal kjede av grossistselskap, som har spesialisert seg på å distribuere frå små og mellomstore mat- og drikkeprodusentar. Kjeda hjelper også produsentane gjennom prosessen som blir kravd før dei får innpass i butikkane.
Cesilie Nakken er medeigar og dagleg leiar. På eigarsida er og Vebjørn Nils Veum Aannø, Egil Gunnar Nakken og Ossie Nordgreen. (Ossie Nordgreen eig og driv Spesialistgrossisten Troye, som dekkjer Vestlandet, og er også styremedlem i kjedeselskapet.)
Spesialgrossisten Nordvest blei skipa for tre år sidan, og dekkjer området frå Sognefjorden og til Surnadal. I år kjem selskapet til å selje for omlag 28 millionar kroner. Selskapet som dekte regionen før Spesialgrossisten Nordvest hadde til samanlikning 16 millionar kroner i driftsinntekter i 2017.
- Vi er inne i alle kjeder, seier Nakken.
Nakken har 25 leverandørar med adresse i regionen til Spesialgrossisten Nordvest, frå dei større, som brusprodusenten Oscar Sylte til Rema, og dei minste, som Storfjord Iskrem.

Koronaløft

I år har selskapet også fått ein positiv koronaeffekt, som forsterka den stigande trenden for lokalmat, og som Nakken håpar gir ein varig positiv verknad
- Juli var vår beste månad, Nordmenn er meir medvitne på å kjøpe lokalmaten enn tidligare. Det var heilt eventyrleg for lokalmatprodusentane, seier Nakken.
Men lokalmat er ikkje noko nytt. Tvert i mot.
- Når det gjeld lokalmat kan kan vi gå tilbake til Adam og Eva - for det var dei som starta trenden med å spise lokalmat, seier Nakken.
Når det gjeld lokalmat kan kan vi gå tilbake til Adam og Eva - for dei spiste lokalmat

Publisert: 12.12.2020 06:00

Sist oppdatert: 19.05.2021 10:55