Cecilie Myrseth foto Vidar Ruud
STORTINGET: Cecilie Myrseth (Ap) lovar at den nye regjeringa vil tak skikkeleg tak i problemet med diskriminering av kvinner i fiskerinæringa. Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK
Nytt

Lovar å ta tak i kvinnehets på fiskebåtar

Ap lovar å ta grep etter at 23-åring slo alarm om diskriminering og trakassering av fiskarkvinner.

NPK
04.10.2021

Fiskeripolitisk talskvinne i Arbeidarpartiet, Cecilie Myrseth, lovar på vegner av ei ny regjering å ta tak i problemet med kvinner som blir hetsa av mannlege kollegaer i fiskerinæringa.

Bakgrunnen er ein kronikk i NRK Ytring laurdag der den 23 år gamle fiskaren Susanne Mortensen fortel om omfattande diskriminering og trakassering av kvinner i fiskerinæringa. Ho skriv blant anna at foreiningar, reiarlag, kollegaer og andre har sete på gjerdet når ho som kvinneleg fiskar blir trakassert og mobba på det grovaste.

Oppvaskrunde
Cecilie Myrseth meiner at den einaste måten å få til likestilling og få bort diskriminering på, er å jobbe med haldningar, setje krav og syte for at regelverket fungerer. Ho seier til NRK Troms og Finnmark at det er naudsynt med ein skikkeleg oppvaskrunde.

Ho kritiserer den noverande fiskeriministeren for å overlate problemet til næringa. Det er naudsynt med meir politisk fokus på same måten som då det vart teke grep i Forsvaret, poengterer ho.

Regjeringa la for ein månad sidan fram ein ny strategi for å betre likestillinga i fiskeria. Der skisserer dei mellom anna auka rekruttering av kvinner til fiskaryrket og ber om at næringa blir tilpassa slik at også småbarnsforeldre kan jobbe der.

Publisert: 04.10.2021 14:46

Sist oppdatert: 04.10.2021 14:51

Mer om