Luftig oppdrag i Norskehavet
Aak Energy frå Trollveggen til betongveggen.
Aak Energy skal rehabiltere betongsokkelen som Draugenplattformen står på, i Norskehavet vest for Namsos.
Det er oljeselskapet Okea som driv plattformen og kontrakten har ein ramme på 10,5 millionar kroner, skriv Aak Energy/Norwegian Group i ein pressemelding.
Volda-selskapet Norwegian Group kjøpte Aak Energy frå Endúr-konsernet i fjor sommar. Selskapa har ein delvis overlappande aktivitet.
Starta i Trollveggen
Aak Energy spring ut frå klatremiljøet i Romsdalen og var ein pioneer i å ta i bruk sikringsteknikk frå fjellklatring på oljeriggar og anlegg, der det er dyrt å vanskeleg å bygge stillas.
No ser selskapet for seg vekst i marknaden for betongrehabilitering.
– Dette er ei svært viktig avtale for AAK Energy og eit ledd i strategien med betongrehabilitering som satsingsområde, seier prosjektleder Bjarte Bø i AAK Energy i pressemeldinga.
Satsar på ytterveggar
Morselskapet Norwegian Group er i ferd med å inngå ein rammeavtale med Spilka Building Solutions om å montere Spilka Building Solutions sine nye løysingar for ytterveggar.
NOG er allereie i gang med arbeidet på det første oppdraget til Spilka Building Solutions, Rørstadmarka skule i Sula.
Forventningane er at dette blir ein marknad som gjer at Norwegian Group aukar med 30-40 nye tilsette innan 2023. I dag har konsernet omlag 250 tilsette.
Publisert: 23.02.2022 08:48
Sist oppdatert: 06.09.2023 10:23