Rørstadmarka skule foto Spilka Building solutions
VENTAR VEKST: Norwegian Group og Spilka Building Solutions blir samarbeidspartnar og begge ventar vekst takka vere dei nye veggløysingane Spilka Building Solutions har utvikla.Foto: Spilka Building Solutions
Nytt

Satsar på Spilka-avtale

Volda-selskap skal ha på plass 30-40 nye tilsette innan 2023.

10.02.2022

Norwegian Group (NOG) i Volda er stor på arbeid som krev stillas og/eller tilkomsteknikk basert på klatring. I dag har selskapa i konsernet omlag 250 tilsette, og no skal eit nytt datterselskap gi ytterlegare vekst.

Norwegian Group i ferd med å inngå ein rammeavtale med Spilka Building Solutions om å montere Spilka Building Solutions sine nye løysingar for ytterveggar. Det stadfestar begge selskapa.

NOG er allereie i gang med arbeidet på det første oppdraget til Spilka Building Solutions, Rørstadmarka skule i Sula.

Store forventningar
Både Spilka Building Solutions og Norwegian Group har store forventingar til at den nye veggløysinga skal gi mange oppdrag.

Innan utløpet av 2023 ventar hovudaksjonær og forretningutviklar Kay Ove Johansen i Norwegian Group at NOG Entreprenør - som skal utføre oppdraga i samarbeid med Spilka Building Solutions.

I dag er selskapet kring 20 tilsette - og innan utløpet av neste år reknar dei å vere mellom 50 og 60 tilsette i alt. Det er snakk om både montørar (i hovudsak tømrarar) og ingeniørar.

NOG Entrepernør skal leiast av Torbjørn Vartdal, som også skal bli medeigar i datterselskapet.

(saka held fram under)

Norwegian group avtale doplhin drilling foto norwegian group 11
REKORDAVTALE: Frå kontraktsignering i fjor mellom Norwegian Group og drilling-selskapet Dolphin Drilling. Volda-selskapet har en mangslungen verksemd og leverer tenester på tre riggar. Foto: Norwegian Group

Tok over Aak
I fjor kjøpte NOG selskapet Aak på Åndalsnes frå Endúr.

Aak var ein pioner i bruk av klatreteknikk til arbeidsoperasjonar på stadar der det er dyrt og vanskeleg å bygge stillas, som på oljeinstallasjonar til havs.

Johansen eig Norwegian Group saman med Lasse Gravdal og Morten Borøchstein. Gravdal er avdelingsleiar for offshoremarknaden, Borøchstein dagleg leiar.

Hovudselskapet i konsernet, NOG Access hadde 79 millionar kroner i driftsinntekter og 5,4 millionar kroner i resultat før skatt i 2020.

Publisert: 10.02.2022 09:23

Sist oppdatert: 10.02.2022 23:43