West Norway kollage foto West Norway 11
ÅLESUND: West-Norway har lukkast med utvikling av ei rekke nye produkt, Foto: West-Norway
Nytt

Lukkast med nye produkt

Tradisjonsrik fiskeeksportør med solid omsetningsvekst. Styret meiner selskapet er unikt posisjonert.

19.04.2023

Fiskeeksportøren West-Norway i Ålesund har historie heilt tilbake til 1957. Fjoråret vart eit godt år, med ein omsetningsvekst på 38 prosent, og eit resultat før skatt på 8,9 millionar kroner. Omsetninga auka med 239,6 millionar frå 2021, men ligg enno ein del bak rekordåret 2011 då ein passerte 1,1 milliardar.

2023 har også starta godt, med vekst i salet og bra marginar.

(saka held fram etter tabellen)

West-Norway
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 856,3 616,7
Driftsresultat 19,9 4,1
Resultat før skatt 8,9 1

Ligg føre konkurrentane
Ålesund-selskapet har lenge fokusert på saltfisk og klippfisk av torsk, lange og brosme, der Brasil har vore hovudmarknaden. Men siste åra har ein satsa på ei rekke nye produkt av blant anna laks og sei, i tillegg til salta, avsalta og frosen fisk.

Satsinga har lukkast, skriv styret i årsrapporten, som meiner at selskapet ligg føre konkurrentane i produktutvikling.

Godt Kina-resultat
Hovudkontoret ligg i Ålesund, og hadde ved årsskiftet sju tilsette. I tillegg har ein sidan 2004 hatt avdelingskontor i Quingdao i Kina. Her landa årsresultatet i fjor på 4,2 millionar kroner.

Styret meiner at selskapet si posisjonering i Kina kombinert med marknadskunnskap og kundeportefølgje gjer at ein er unike.

Mindre Brasil-avhengig
77 prosent av salet i fjor gjekk til Mellom- og Sør-Amerika. Selskapet har som strategi å gjere seg mindre avhengig av Brasil.

Selskapet har ein samla eigenkapital på 36,7 millionar kroner, og 23,3 millionar i langsiktig gjeld.

Største eigarar er Jangaard Export ved Gunnar og Leif Haagensen. Andre eigarar er Arne og Helge Røst. Dei kan for fjoråret fordele 4,0 millionar i utbyte.

Publisert: 19.04.2023 12:26

Sist oppdatert: 19.04.2023 12:24

Mer om