Nytt
Lyset kom på for Adima
For eitt år sidan var det tomt for bemanningsselskapet Adima i Brattvåg. Det var ikkje arbeid. Så tok det av.
02.06.2019
- Det skjedde i månadsskiftet mai/juni. Då kom oljebransjen tilbake og sidan har det berre stige og stige. Det kokar der ute, seier dagleg leiar og medeigar Håkon Hildre.
No er selskapet oppe i 100 tilsette, og det blir fleire i løpet av året. Aktivitetsnivået er på veg opp mot rekordåret 2011, då selskapet hadde over 200 personar på lønningslista.
Etter oljeprisfallet satsa selskapet på samferdselssektoren.
Det dempa nedturen, men stogga den ikkje. I 2017 var driftsinntektene 19 millionar kroner, 94 millionar kroner under det selskapet hadde i 2011.
Dei fem første månadane i fjor såg det ut til at aktiviteten i 2018 skulle bli enda mindre, med underskot i tillegg.
No står oljebransjen for 65-70 prosent av alle oppdraga for Adima.
- Olje og gass er blitt det dominerande igjen, seier Hildre.
I fjor skreiv NETT NO at industriklatreselskapa Vertikal Service og Norwegian Group var i full gang med på oppbemanne, etter at marknaden botna ut i 2016/2017.
Då Vertikal Service kom med 2018-tala nyleg vist dei ein auka i driftsinntektene på 25 prosent frå året før, og selskapet kunne melde om ytterlegare oppbemanning.
"Oppjusteringen i anslaget for 2019 drives av økte anslag innenfor kategoriene feltutbygging og felt i drift. Innenfor førstnevnte har det blant annet blitt levert 2 nye planer for utbygging og drift (PUD). Disse to utbyggingsprosjektene var ikke med i anslagene som ble gitt i forrige kvartal.", skriv SSB.
Anslaget for 2019 er no 17 prosent høgare enn kva som var venta for eitt år sidan.
Etter oljeprisfallet og bråstoppen i offshoremarknaden krympa etterspørselen, men i løpet av av 2017 snudde stemninga hos dei tradisjonelle kundane, og sidan har det gått oppover.
Hovdenakk Maskinering starta 2018 med ein i arbeid. No er dei fire på lønningslista. Og 2018 blei eit rekordår for Hovdenakk Maskinering.
No er selskapet oppe i 100 tilsette, og det blir fleire i løpet av året. Aktivitetsnivået er på veg opp mot rekordåret 2011, då selskapet hadde over 200 personar på lønningslista.
Oljenedtur
Før oljeprisfallet i 2014 var oljebransjen hovudmarknaden for Adima-konsernet.Etter oljeprisfallet satsa selskapet på samferdselssektoren.
Det dempa nedturen, men stogga den ikkje. I 2017 var driftsinntektene 19 millionar kroner, 94 millionar kroner under det selskapet hadde i 2011.
Dei fem første månadane i fjor såg det ut til at aktiviteten i 2018 skulle bli enda mindre, med underskot i tillegg.
Oljeopptur
I fjor fekk Adima avtale med Kværner Stord, og i år har selskapet fått rammeavtale med oljeserviceselskapet Aibel.No står oljebransjen for 65-70 prosent av alle oppdraga for Adima.
- Olje og gass er blitt det dominerande igjen, seier Hildre.
Nye jobbar
Adima er ikkje aleine om å merke opptur i oljebransjen.I fjor skreiv NETT NO at industriklatreselskapa Vertikal Service og Norwegian Group var i full gang med på oppbemanne, etter at marknaden botna ut i 2016/2017.
Då Vertikal Service kom med 2018-tala nyleg vist dei ein auka i driftsinntektene på 25 prosent frå året før, og selskapet kunne melde om ytterlegare oppbemanning.
Større investeringar
I Statistisk Sentralbyrå (SSB) sitt sist publiserte melding over kva operatørane på norsk sokkel ventar blir investeringene innen næringene rørtransport og utvinning av olje og gass er olje, er anslaget oppjustert med seks prosent sidan førre kvartal , til 183,8 milliarder kroner for 2019."Oppjusteringen i anslaget for 2019 drives av økte anslag innenfor kategoriene feltutbygging og felt i drift. Innenfor førstnevnte har det blant annet blitt levert 2 nye planer for utbygging og drift (PUD). Disse to utbyggingsprosjektene var ikke med i anslagene som ble gitt i forrige kvartal.", skriv SSB.
Anslaget for 2019 er no 17 prosent høgare enn kva som var venta for eitt år sidan.
Når mange
Under oljeoppturen hadde vesle Hovdenakk Maskinering i Ørsta godt med arbeid og tok steget frå verkstad heime på garden til Olav Harald Hovdenakk til å reise sitt eige industribygg.Etter oljeprisfallet og bråstoppen i offshoremarknaden krympa etterspørselen, men i løpet av av 2017 snudde stemninga hos dei tradisjonelle kundane, og sidan har det gått oppover.
Hovdenakk Maskinering starta 2018 med ein i arbeid. No er dei fire på lønningslista. Og 2018 blei eit rekordår for Hovdenakk Maskinering.
Det kokar der ute
Publisert: 02.06.2019 06:00
Sist oppdatert: 27.06.2021 09:13