Roger Hofseth foto Ogne
MEIR KAPITAL: Storeigar Roger Hofseth gjorde nyleg om gjeld til eigenkapital i Hofseth Biocare. No vil selskapet hente meir pengar gjennom ein tilleggsemisjon. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Lågare inntekter og større underskot

Hofseth Biocare la fram tal og vil hente meir pengar.

Marius Rosbach
07.11.2025

Hofseth Biocare la fredag morgon fram tal for 3. kvartal som viste lågare inntekter og større overskot ved utløpet av perioden (sjå tabell under).

Selskapet forklarar dette mellom anna med lågare laksepris og svakare dollar i tredje kvartal. Samtidig blir det påpeika at verksemda så langt ikkje er råka av nye tollreglar i USA, ifølgje børsmeldinga

Aksjekursen låg uendra på 1,895 kroner ein halvtimes tid ut i handelen fredag. Det verdtsett selskapet til 750 millionar kroner. 

saka held fram under

Hofseth Biocare AS  
3. kvartal. i mill. kroner20252024
Driftsinntekt54,967,9
Driftsresultat-30,6-30,5
Resultat før skatt-28,3-35
Hofseth Biocare AS  
Per 3. kvartal. i mill. kroner20252024
Driftsinntekt184,2200,7
Driftsresultat-74,9-68,3
Resultat før skatt-86,4-81,6

Hofseth Biocare lagar helsekost- og kjæledyrfôrprodukt basert på avskjer og restråstoff frå oppdrettsnæringa. I tillegg arbeider selskaper med å utvikle produkt som kan få godkjenning som legemiddel.

I tredje kvartal produserte Midsund-anlegget handterte 5.288 tonn råmateriale – som er det høgaste kvartalsvolumet nokon gong. Selskapet skriv at det stadfestar ein stabil kapasitet på 24.000 tonn årleg. 

Rett før handelen på Oslo børs opna melde selskapet at dei vil hente inn kring 16,7 millionar aksjar i ein tilleggsemisjon som blei varsla 27. oktober, ifølgje ei børsmelding.

Selskapet henta då inn 158 millionar kroner, mellom anna frå den nye storaksjonæren Guy Urquhart, som gjekk inn med 100 millionar. 

 Dagleg leder Jon Olav Ødegård fortalde etterpå til Nett No at dei nettopp ønska seg den sveitsbusette skotten som ny investor. 

Publisert: 07.11.2025 09:19

Sist oppdatert: 07.11.2025 09:25

Mer om