Blank 1170 x 625
GODE TAL: Sparebanken Møre-sjef Trond Lars Nydal (t.h) og Sparebank 1 SMN-sjef Jan-Frode Janson sende ut børsmelding med nye tal i dag tidleg. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Lønsemda aukar for bankane

Både Sparebanken Møre og Sparebank 1 SMN rapporterer om inntektsvekst og auka lønsemd.

10.08.2023

Sparebank 1 SMN og Sparebanken Møre leverte halvårsrapportar tidleg torsdag.

Bankane hadde netto renteinntekter på høvesvis 2129 og 907 millionar kroner i 1. halvår i fjor, opp over 30 prosent samanlikna med 1. halvår i 2022. Netto renteinntekt er skilnande på renta bankane tek for å låne ut pengar, og renta bankane betalar på innskot og annan finansiering.

Tapa er små og går ned.

Begge bankane aukar dessutan utlåna.

Det er oppskrifta på betra lønsemd.

"Vi er i positiv utvikling og opplever god vekst, økte inntekter og lave tap", seier administrerande direktør Trond Lars Nydal i Sparebanken Møre ei børsmelding.

"Vi er svært fornøyde med å levere så gode resultater fra hele forretningen, og at vi er bunnsolide", seier konsernsjef Jan-Frode Janson i Sparebank 1 SMN i børsmeldinga frå banken.

Les børsmelding frå Sparebanken Møre her

Les børsmelding frå Sparebank 1 SMN her

Større bank
Sparebank 1 SMN har blitt ein større bank sidan banken la fram førre kvartalsrapport. Frå og med 2. kvartal er tidlegare Sparebank 1 Søre Sunnmøre blitt ein del av Sparebank 1 SMN.

Sparebank 1 Søre Sunnmøre var i hovudsak ein sjølveigande bank, og Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre skal vidareføre verdien i eigarskapet. Stiftinga fekk 12.971.224 aksjar i Sparebank 1 SMN som oppgjer for Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

Det utgjer 8,99 prosent av eigenkapitalbevisa i Sparebank 1 SMN og gjer stiftinga til største eigekapitalbeviseigar i Sparebank 1 Søre Sunnmøre. Med dagens kurs er eigenkapitalbevisa til stiftinga verdt 1,9 milliardar kroner.

Auka utlån
Sparebank 1 SMN og Sparebanken Møre har auka utlåna med høvesvis 12,9 og 9,3 prosent i siste 12-månadersperiode.

For Sparebanken 1 SMN fordeler utlånsveksten i siste 12-månadarperiode seg på 13,4 prosent til privatkundar og 11 prosent til bedriftskundar. Hittil i år er utlåna til private auka med 10,4 prosent og til bedrifter med 9,7 prosent. Utlån til private utgjer 70 prosent av samla utlån.

Sparebanken Møre har auka utlåna til privatkundar med 7,3 prosent og til bedriftskundar med 12 prosent siste 12-månadarsperiode. Utlån til private utgjer 66,4 prosent av banken sine samla utlån.

Sparebanken Møre

1. halvår. I mill. kroner

20232022
Inntekt1043789
Resultat før skatt634437
Resultat før tap604445
Sparebanken Møre
2. kvartal. I mill. kroner20232022
Inntekt543402
Resultat før tap332288
Resultat før skatt335236

Sparebank 1 SMN

1. halvår. I mill. kroner20232022
Inntekt33612772
Resultat før tap10501558
Resultat før skatt19911606
Sparebank 1 SMN
2. kvartal. I mill. kroner20232022
Inntekt17571316
Resultat før tap1074731
Resultat før skatt1045779

Publisert: 10.08.2023 07:26

Sist oppdatert: 10.08.2023 10:14

Mer om