Bjørn Meek Foto Marius Rosbach 11
STØRSTE EIGAR: Administrerande direktør i PE Bjørdal, Bjørn Meek, er største eigar i Meso Invest, som eig Steel Tech AS. Dei skal no vidareføre drifta til den konkursråka bedrifta under sitt namn. Arkivfoto: Marius Rosbach
Nytt

Løysing for PE Bjørdal

Steel Tech AS vidarefører drifta til den konkursråka Ørsta-bedrifta.

Linn Antonie Vårdal Solheim
28.06.2023

Steel Tech AS tek over drifta i det konkursråka selskapet. Det melder styreleiar i det konkursråka selskapet, Jan Søvik, i ei pressemelding onsdag kveld.

Selskapet vart kjøpt av PE Bjørdal AS i 2018, og Steel Tech AS er i dag eigd av Meso Invest, som var største aksjonær i PE Bjørdal. Selskapet vil no vidareføre begge selskapa sine produkt og tenester, under Steel Tech-namnet. Det betyr at PE Bjørdal-namnet forsvinn.

Eigarane av Meso Invest er tidlegare administrerande direktør Bjørn Meek og styreleiar Jan Søvik.

I forbindelse med oppstart av ny aktivitet vil det gjennomførast ei kapitalutviding, og det er venta at denne vil føre til endringar i eigarstruktur i Steel Tech framover. Det er enno ikkje klart korleis samansetning av styre og leiing vil sjå ut.

Det vert samtidig inngått ein leigeavtale med huseigar av Torvmyrane 21, lokala til PE Bjørdal.

Skal tilsetje mange
- Det vil bli tilsetjingar framover og selskapet håpar at ein på sikt kan tilby ein god og framtidsretta arbeidsplass i Ørsta innan fleire fag. I hovudsak er det no tilsette innan produksjon og service/ettermarked som trengst først, men også innan produktutvikling, sal og administrasjon vil behovet kome framover, skriv Søvik.

Tidlegare tilsette i PE Bjørdal vil bli prioriterte i tilsetjingane. Dei tidlegare tilsette sit på ettertrakta kompetanse, og i løpet av månaden som har gått har fleire av dei blitt tilsett i andre bedrifter.

Steel Tech AS har oppdrag som skal ferdigstillast og leverast utover sommar og haust.

Krevjande prosess
Då meldinga om oppbod kom den 24. mai var det mange som blei råka. Alt arbeid blei stansa, og 75 tilsette miste arbeidet. Det har teke tid å kome fram til den løysinga konkursbuet i dag presenterer, og vegen til dagens løysing har vore ein krevjande prosess.

Sparebank 1 SMN held fram som bankforbindelse for Steel Tech AS, og er med på vidare finansiering av selskapet. Fleire av dei tidlegare kundane til PE Bjørdal er også med på vegen vidare.

Dei involverte i prosessen har arbeidd på spreng for å finne ei løysing, og meir enn ein månad etter at konkursen var eit faktum har ein omsider klart å bli einige om ein avtale.

Inflasjon, krig og lakseskatt
Bortfall av marknaden i Russland etter invasjonen i Ukraina, kostnadsauke og regjeringa si innføring av lakseskatt er blant faktorane som blir peika på som årsak til konkursen.

Bedrifta hadde i ei tid slite økonomisk, og mot slutten av 2022 måtte bedrifta ty til oppseiingar for å berge drifta.

Publisert: 28.06.2023 18:37

Sist oppdatert: 28.06.2023 20:32

Mer om