Reknar med godt nytt snart
Styreleiar i PE Bjørdal trur avklaring er like om hjørnet.
- Eg håper noken kan seie noko positivt om ikkje lenge, seier Jan Søvik, styreleiar i det konkursråka selskapet PE Bjørdal, på telefon til NETT NO.
Han presiserer at arbeidet med å finne ei løysing er ein omfattande prosess, og det er mange omsyn å ta. Situasjonen er framleis uavklara, men det er i følgje Søvik god og kontinuerlig dialog mellom partane.
Målet er aktivitet
- Eg trur vi er ganske nær, og nokon vil nok ha gode nyheter å komme med snart, seier han.
Kven som eventuelt kjem med gode nyhende, og kva slags løysing det er dei nærmar seg, ønskjer han derimot ikkje å uttale seg om no.
- Å få huset i aktivitet og folk i arbeid igjen er målet. Tida går og folk har skifta jobbar, det er klart at det er ei utfordring i seg sjølv når ein skal finne ei løysing, fortel Søvik.
Sleit økonomisk i lang tid
Den 24. mai kom nyhenda om at den tradisjonsrike Ørsta-bedrifta PE Bjørdal var konkurs, og meir enn 75 tilsette mista arbeidet. Bortfall av marknaden i Russland etter invasjonen i Ukraina, kostnadsauke og regjeringa si innføring av lakseskatt er blant faktorane som blir peika på som årsak til konkursen.
Bedrifta hadde i ei tid slite økonomisk, og mot slutten av 2022 måtte bedrifta ty til oppseiingar for å berge drifta.
I februar spytta ei rekke av eigarane inn ny kapital i håp om å redde selskapet, og det blei sett i gong tiltak for å omstrukturere drifta og tilpasse seg ein situasjon med lågare aktivitet. Dette var ikkje nok for å berge selskapet, og bedrifta klarte ikkje selskapet kome i mål med redningsaksjonen før dei blei pliktige å melde oppbod.
Publisert: 26.06.2023 15:46
Sist oppdatert: 26.06.2023 15:45