22 prosent - 2150 personar - av dei 9657 som har fiskeri som hovudyrke bur i Møre og Romsdal.
Det gjer Møre og Romsdal til det største fiskarfylket i landet, målt i talet på fiskarar. Nordland, som kjem på andreplass, har 20 prosent av talet på person med fiskeri som hovudyrke.
Sjølv om også heile Trøndelag blir rekna som ein del av Nord-Noreg bur over halvparten av hovudyrke-fiskarane i Noreg i Sør-Noreg. Det kjem fram i ein rapport om ringverknadane av fiskeflåten, som er presentert på Ombordfrystkonferansen i Ålesund torsdag.
Ålesund i særklasse
Ålesund er i særklasse den største fiskerikommunen i Noreg rangert etter talet på personar med fiske som hovudyrke. 600 personar i Ålesund har fiskeri som hovudyrke og nesten 200 til har arbeid i bedrfiter som leverer varer og tenester til fiskeflåten. Tromsø kjem på andreplass, mer Herøy hakk i hel.
Rangert etter verdiskaping (det som går til løn, skatt, renter og overskot) er også Møre og Romsdal på topp viser Novima-rapporten, men her må fylket dele førsteplassen med Nordland. Begge fylka hadde ei verdiskaping på 4,3 milliardar kroner i 2023 etter Nofima sine berekningar.
Også her er Ålesund på topp blant av kommunane, med Austevoll ved Bergen og Herøy på Sunnmøre på dei to neste plassane.
Havfiskeflåten størst
Det er den såkalla havfiskeflåten som står for den største verdiskapinga. I 2023 var den på 12,3 milliardar kroner, der fire milliardar kom frå ringverknadar i bedrifter som leverer varer og tenester til fiskeflåten. For den såkalla kystflåten var verdiskapinga i 2023 9,4 milliardar kroner, der 2,5 milliardar kroner kom fraå ringverknadar.
Skilnaden i verdiskaping per tilsett ombord i fiskebåtan er stor.
For havfiskeflåten var den i gjennomsnitt 2,1 millionar kroner i 2023, og ein million kroner i kystfiskeflåten. Landsgjennomsnittet for alle yrke og bedrifter var 993.000 kroner i 2023, som viser at fiskaryrket har vore lønsamt dei siste åra.
Liknar på fiskeindustrien
Funna i Nofima-rapporten om fiskeri liknar på ei rapport som Nofima offentlegjorde i romjula 2024.
Den relative betydnigna av fiskeri- og fiskeindustri i høve til folketalet er størst i nord, medan verdiskapinga er størst i sør.
Publisert: 09.01.2025 11:25
Sist oppdatert: 09.01.2025 14:07