Geir Høydalsvik foto Reknehuset
REKORDÅR FOR REKNESKAPSBYRÅ: Dagleg leiar Geir Høydalsvik og Reknehuset, la bak seg eit rekordår i 2023. Men rekneskapsføraren fortel at fleire bedrifter har tunge tider. Foto: Reknehuset
Nytt

Møter lite gehør for meir forenkling

På høg tid å gjere kvardagen enklare for bedrifter, meiner rekneskapsbyrå – som sjølv hadde rekordår i fjor.

Marius Rosbach
06.03.2024

Å gjere kvardagen enklare for næringslivet har vore på dagsorden til fleire regjeringar. Men det er framleis mykje som kan gjerast med å forenkle bedriftene sitt møte med offentlege krav og reglar, ifølgje dagleg leiar Geir Høydalsvik i Reknehuset.

– Det er eit ganske tungt og stort regelverk som nye næringsdrivande møter frå dag ein. Du skal vere nokså bestemt om du skal orke å starte ny næringsverksemd, seier han til NETT NO.

Rekneskapsføraren fortel at det legg stein til byrden i ein situasjon der mange av kundane deira no merkar konjunkturnedgangen hardt.

Du skal vere nokså bestemt om du skal orke å starte ny næringsverksemd
Geir Høydalsvik

«Lite gehør» og «stort uforløyst potensiale»
Høydalsvik er sjølv med i eit utval i Regnskap Norge som har kome med fleire forslag til forenklingar. Seinast i haust la dei fleire titals forslag på bordet.

– Vi opplever at det er lite gehør for nye forslag, samtidig som det er eit stort uforløyst potensiale til å gjere bedriftene sin kvardag enklare, seier han.

På sparket trekk rekneskapsføraren fram regelverket kring reiser og diett på staten sine satsar, som er omtalt i Skatteetatens årlege Skatte-ABC over 70 sider.

– Det burde vore mogleg å gjere det enklare, seier han.

Anslo innsparingar på 30 milliardar
I Regnskap Norge sin forenklingsrapport 2023, blir det anslått at forslaga deira kan redusere dei administrative byrdene i næringslivet med kring 30 milliardar kroner innan kort tid.

Høydalsvik påpeiker at det ikkje dreiar seg om å gi pengestøtte til bedrifter, men å stimulere til ny verksemd i større grad enn med dagens reglar.

– Det er på høg tid at det blir gjort vesentlege forenklingar, slik at det til eksempel blir enklare å føre rekneskap sjølv, utan å måtte hyre inn ein rekneskapsførar, seier han.

Rekordår for Reknehuset i fjor
Reknehuset la sjølv bak seg det som var eit rekordår i 2023. Aldri før har firmaet hatt høgare inntekter eller overskot (sjå tabell under).

Høydalsvik seier dei er godt nøgd, men påpeikar at det ikkje har vore «noko stor vekst» - og at dei ikkje har så lang historikk.

Firmaet er eit resultat av at Rekneskap Høydalsvik i Ørsta og Balanse Rekneskap i Ulsteinvik fann saman frå 2021. Dei har framleis kontor i både Ørsta og Ulsteinvik og er i dag 17 tilsette.

Selskapet har solid økonomi med eigenkapital på 3,4 millionar og langsiktig gjeld på drygt 1,2 millionar ved utløpet av året.

Reknehuset As
Tal i mill. kroner20232022
Driftsinntekt16,314,6
Driftsresultat1,3

0,8

Resultat før skatt1,50,9

Publisert: 06.03.2024 05:00

Sist oppdatert: 05.03.2024 22:35

Mer om