Meiner Vedum fører folk bak lyset
Finansministeren får kritikk for påstand om at 25.000 blir nullskatteytarar om formuesskatten fjernes.
I debatten om formuesskatten er frykta for mange fleire nullskatteytarar vore trekt fram som eit argument for at skatten ikkje kan fjernast.
Seinast førre veke viste finansminister Trygve Slagsvold Vedum til at nær 25.000 personar ikkje betalte anna skatt enn formuesskatt i 2022.
Bakgrunnen var eit spørsmål i Stortinget frå Alfred Bjørlo (V) om kvar dette talet kjem frå. Stortingspolitikaren frå Nordfjordeid ville også vite kva justeringar som kan hindre at mange med stor formue blir nullskatteytarar totalt sett.
Redaktør Trygve Hegnar i Finansavisen er mellom dei som har reagert på Vedums bruk av tal, og meiner finansministeren bløffar.
Vedum: En beregnet størrelse
Vedum opplyste i sitt svar at talet var ein «beregnet størrelse» basert på summen av inntektsskatt og formuesskatt, med trekk for skattefrådrag for den enkelte.
Personar som ikkje kjem ut med eit positivt tal på denne variabelen, blir rekna som nullskatteytarar, opplyste finansministeren.
Vidare viser Vedum til at eigarar av næringsverksemd kan ha store variasjonar i inntekt, og at det difor blir eit meir riktig bilde å sjå fleire år under eitt.
Her sausar Vedum saman begrepa i eit bevisst forsøk på å tåkelegge debatten
– Dette er uredeleg
Dagleg leiar Geir Høydalsvik i Reknehuset reagerer både på Vedum si framstilling av verkelegheita - og korleis han i neste andedrag viser til bedriftseigarar.
– Dette er uredeleg og er ikkje noko anna enn å føre folket bak lyset. Her sausar Vedum saman begrepa i eit bevisst forsøk på å tåkelegge debatten, seier Høydalsvik til NETT NO.
Rekneskapsføraren påpeiker at finansdepartementet har uttalt at det er 900 fleire personar med formue over 5 millionar kroner, som ikkje vil betale inntektsskatt om ein fjernar formuesskatt på arbeidande kapital.
Mathilde Fasting frå Civita har i eit innlegg i Dagens Næringsliv omtalt korleis dei fleste av desse har moderat formue og at gjennomsnittleg formuesskatt for desse utgjer under kr 100.000 per person.
Vil fjerne formuesskatt på arbeidande kapital
Høydalsvik er mellom medhjelparane til Lars Oscar Fossen Øvstegård, som planlegg søksmål mot staten for å få fjerna formuesskatt på arbeidande kapital.
– Formuesskatt på arbeidande kapital er øydeleggande og diskriminerande overfor norskeigd næringsliv, seier han.
Medan sentrale politikarar frå Arbeidarpartiet har opna for å gjere slike vurderingar, har finansministeren og Sp-leiar Vedum vore avvisande til å tenke alternativt.
Meiner det finst andre løysingar
I sitt svar til Bjørlo i Stortinget skriv også Vedum at andre skattar ikkje kan erstatte formuesskattens eigenskapen til årleg omfordeling.
Også dette reagerer rekneskapsførar Høydalsvik på:
– Finansministeren tek feil når han seier at det ikkje finst betre løysingar som er omfordelande. Her vil to prosentpoeng auke i selskapsskatten i kombinasjon med justering, eller ei fjerning av skjermingsfrådraget vere ei god løysing for å oppretthalde provenyet, påpeiker ørstingen.
Skjermingsfrådraget gjer at folk med inntekter frå aksjar, får redusert skatterekninga.
– Dette er ei løysing som er minst like omfordelande, og har ikkje den øydeleggande konsekvensen som formuesskatten har, legg han til.
Publisert: 12.02.2024 10:34
Sist oppdatert: 12.02.2024 11:02