Kjetil Bollestad Magne Gurskevik Bjørn Hamrefoto Ogne
NYE TIDER: Bustyrar Bjørn Åge Hamre (t.h.) var med og sikra ny drift ved Kleven Verft etter konkursen i fjor, men det er eit langt mindre omfang av verksemda i dag enn før konkursen. Til venstre administrerande direktør Kjetil Bollestad i Green Yard Kleven. I midten Magne Gurskevik, tidlegare HR-sjef ved Kleven og Green Yard Kleven. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Magert for verfta

Ordreboka hos norske skipsverft blir meir enn halvert om verfta ikkje får fleire oppdrag i år. Sjå resultatlista for i fjor.

22.09.2021

Så langt i år har norske skipsverft levert nybygg til ein kontraktsverdi på 8,7 milliardar kroner og skal levere skip for ytterlegare 7,6 milliardar innan året er omme.

Samstundes er det inngått nye kontrakter for berre 6,7 milliardar kroner hittil i år. Det viser ordrestatistikken til Norsk Industri, som registrerer ordre for skip over 40 meter.

Sjå 2020-resultata for norske verft under

Utan nye oppdrag resten av året vil ordrereserven krympe til under 21 milliardar kroner, det lågaste nivået sidan 2005.

Den svake orderinngangen blir truleg og tema når Menon Economics skal presentere status for bedriftene i den maritime klynga, på den årlege klyngekonferansen til GCE Blue Maritime i Ålesund torsdag.

Lite i vente
Tala frå sal- og marknadsføringsorganisasjonen Norske Skipsverft gir eit samanfallande bilete.

Norske Skipsverft registrerer alle offentliggjorte kontrakter over 50 millionar kroner. 14 fartøy er det snakk om, til i alt 6,5 milliardar kroner. Over halvparten er knytt til eitt fartøy, cruise/leigeheitskipet Somnia, som skal byggast hos Vard.

(saka held fram under)

Kystvakt vard langsten september 2021 foto marius
KYSTVAKTSKIP: Arbeidarane på Vard Langsten fekk nyleg første skroget til kystvaktskipa til kai. Milliardkontrakta blei inngått sommaren 2018. Foto: Marius Rosbach

- Det er ingen teikn til at det lysnar ut over året, seier administrerande direktør Asle B. Strønen i Norske Skipsverft.

Han vonar at ei ny regjering vil vere meir viljug enn han meiner dagens regjering har vore til å utnytte handlingsromet i internasjonale handelsavtaler slik at bygging av fartøy for norske styresmakter blir plassert hos norske verft.

Vard-minus trekk ned
Også i 2020 gjekk norske skipsbyggingsindustri i minus, som tabellen under viser.

Solstrand Verft, Oma Baatbyggeri, Brødrene Aa og Fosen Yard har førebels ikkje reknskapstala klare, men biletet blir neppe endra med dei på plass.

Og akkurat som i 2019 er det det store underskotet til Vard Group som gjer at bransjen samla sett kjem ut med underskot.

Vard Group er også i særklasse størst og sto for 40 prosent av dei samla driftsinntektene til verfta i tabellen.

Resultat for norske skipsverft
Selskap Driftsinntekter Resultat før skatt
2020 2019 2020 2019
Vard Group 6540,5 7938,4 -1842,6 -1979,8
Havyard Leirvik 1619,9 30,8 -14,7 0,6
Westcon Yards 1522,5 1537,5 119,3 43
Ulstein Verft 1430,7 2199,2 10,4 -224,8
Aas. Mek Verksted 1035,4 921,4 70,7 34,4
Fitjar Mek. Verksted 630,9 1012,9 10,4 26,6
Myklebust Verft 540,9 380 4,8 24,6
Larsnes Mek. Verksted 476,4 512,5 36,9 2,3
Moen Marin 363,2 526,8 -3,6 34,7
Stadyard 332 205,2 -6,6 3,7
Fiskerstrand Verft 330,1 428 10,4 22,7
Havyard Ship Technology 314,6 1727,7 -26,4 -273
Båtbygg 288 379,3 21,4 19,1
Vegsund Slip 261,7 233,8 17,1 34
Sletta Verft 244,2 211,3 7,3 5,2
Salthammer Båtbyggeri 123,5 59,5 -4,9 1,3
Vaagland Båtbyggeri 79,8 182,3 -7,5 -13,9
Green Yard Kleven 57,7 -2,1
Fjellstrand 42,3 95,1 -7,3 -1,1
Måløy Verft 33,1 40,1 -0,4 -11,4
Hellesøy Verft 2,1 2,8 -0,0 -4,2
SUM 16269,5 18624,6 -1608,3 -2256

Publisert: 22.09.2021 06:00

Sist oppdatert: 22.09.2021 00:13

Mer om