Nytt rekordår for Vegsund Slip
Sula-bedrifta held fram med å vekse, og leverer som vanleg eit plussresultat.
Vegsund Slip sette ny omsetningsrekord i fjor, med 261,1 millionar kroner. Resultatet før skatt vart 17,0 millionar kroner, mot rekordåret i fjor på 33,5 millionar kroner.
I alle år sidan 1988 har Vegsund Slip levert positive resultat. Leiinga er også optimistiske for framtida. Det kjem fram av årsrapporten.
(saka held fram etter tabellen)
Vegsund Slip | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2020 | 2019 | |
Driftsinntekter | 261,6 | 233,7 | |
Driftsresultat | 17,6 | 34 | |
Resultat før skatt | 17 | 33,5 |
God økonomi
Ombyggings- og reperasjonsverftet har godt med arbeid, og merka også lite til koronautfordringane i fjor. Unntaket var at ein hadde problem med å skaffe nødvendig utanlandsk arbeidskraft ved utgangen av året.
Trass i at selskapet har gjort fleire store investeringar, der nyedokka i 2014 var den største, har selskapet ein samla eigenkapital på 62,8 millionar kroner. Den langsiktige gjelda er på 35,1 millionar kroner.
Les også
Familieselskap
Vegsund Slip har vore familieeigd sidan starten der Kristian og Stian Drønnen er tredje generasjon i familieselskapet som besteforeldra starta opp. For fire år sidan tok førstnemnte rolla som dagleg leiar. Stian sin tittel er sal og it-ansvarleg.
Søskena Sindre og Nils Drønnen med familar eig kvar sin halvdel av selskapet, eit selskap som også eig 100 prosent av selskapet Nordvest Propeller.
Må undersøke sjøbotnen
Vegsund Slip har fått pålegg om supplerande undersøkingar av havbotnen ved verftet, ei avgjersle som verftet klaga på, men der Mljødirektoratet sa nei til klagen. Vegsund Slip har difor sett av 1,5 millionar kroner til desse undersøkingane.
Eigarane kan for fjoråret dele eit utbyte på 6,0 millionar kroner, mot 11,0 millionar året før.
Les også
Publisert: 14.09.2021 05:50
Sist oppdatert: 17.09.2021 10:31