Mange faerre ledige siste aaret
GODT NYTT: For dei som er på jobbjakt er dei ferske tala frå NAV godt nytt, men det blir tøffare for dei som er på jakt etter ny arbeidskraft.
Nytt

Mange færre ledige siste året

Vestlandsfylka har hatt den beste utviklinga i landet siste året – sett frå dei arbeidssøkande si side.

Marius Rosbach
22.01.2021
Arbeidsløysa går vidare nedover både i Vestland fylke og Møre og Romsdal. Saman med Møre og Romsdal, har Vestland ein reduksjon på 12 prosent, medan landet samla har ein reduksjon på fire prosent, viser nye tal frå NAV sendt ut fredag.
– Den positive utviklinga på Vestlandet held såleis fram, men vi ser tendens til noko svakare utvikling dei siste månadene, seier direktør Anne Kvernland Bogsnes ved NAV Vestland.

1750 færre ledige

I januar 2020 er det 3.015 arbeidsledige i Møre og Romsdal. Det siste året er det blitt 491 færre ledige siste året i dette fylket.
Ved utgangen av januar var 7551 heilt ledige i Vestland fylke. Dette er ein reduksjon på 1262 frå same månad i fjor. I begge fylka utgjer det 2,2 prosent av arbeidsstyrken.
I heile landet er det 68 050 ledige - om lag 2,4 prosent av arbeidsstyrken.

Ikkje fanga opp nye oppseiingar

Spesielt i Møre og Romsdal kan ein vente ei auke i arbeidsløysa framover. Både , og har varsla oppseiingar, som ikkje førebels er fanga opp av NAV sine tal.
Ålesund omfattar no mellom anna tidlegare Haram kommune, medan Misund er gått inn i nye Molde kommune. I samanslåtte Ålesund kommune, ligg no arbeidsløysa på 2,1 prosent, medan den er på 2,0 i Molde.

Les også:




I dag er det Herøy (3,5 prosent) og Hareid ((3,3, prosent) som har den høgste arbeidsløysa i Møre og Romsdal.

Fleire mørke skyer

NAV omtalar utviklinga som er normalisering av arbeidsmarknaden. Det er likevel fleire mørke skyar i eit lengre perspektiv. Låg folkevekst og mindre tilflytting frå utlandet, gjer at bedrifter og det offentlege har større vanskar med å finne kvalifisert arbeidskraft.
Tidlegare denne veka at mellom anna arbeidarar i handverksfaga er sterkt etterspurt.
– No ser vi også at både det som fram til jul heitte Sogn og Fjordane, Innlandet med Oppland og Trøndelag, alle har lågare ledigheit enn oss. Då kan vi heller ikkje vente noko stor grad av innpendling frå våre næraste nabofylke, sa Veland.

Les meir:




Publisert: 22.01.2021 07:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:51