Mykle
GURSKEN: Myklebust Verft har 36 tilsette under 30 år, her mange av dei samla i dokka. Foto: Myklebust
Nytt

Mange unge på Myklebust

Verftsleiaren er glad for at så mange unge vel å arbeide i skipsindustrien.

01.07.2021

Sande-verftet Myklebust Verft har i dag 156 eigne tilsette. Av desse er 36 tilsette under 30 år. Det synst dagleg leiar Inge-Jonny Hide er gledeleg.

- Vi er glade for at so mange unge har valt å arbeide i skipsindustrien og ved Myklebust Verft. I ei utfordrande tid er det ekstra gledeleg å kunne tilby arbeid til dei unge som er i ferd med å etablere seg. Kombinert med erfarne tilsette som har vore på verftet i mange år, trur vi dette er oppskrifta for å ta oss inn i framtida.

Det skriv Hide på Myklebust si heimeside.

20 prosent kvinner
Den yngste tilsette er 16 år og har si fyrste oppleving i arbeidslivet.

Hide viser også til at 20 prosent av dei 36 unge er kvinner. 55 prosent er busette i Sande kommune, og dei resterande i nabokommunane.

- Talet på sommarvikarar og sommarhjelper i år er 12 og desse jobbar med oss fram mot ferien. Dei fleste gjer forefallande arbeid på verftet, medan nokon av dei er inne på ulike avdelingar for å få feriekabalen til å gå opp. Kvardagen består av grasklipping, måling, fjørerydding og sjauing. Det er alltid hyggeleg å kunne møte unge, nye ansikt som har lyst å jobbe og tene sine første kroner, skriv Hide.

Han opplyser at dei resterande 24 er tilsette på fulltid. Sju er lærlingar eller TAF-elevar og er under fagopplæring.

- 13 av våre yngste er ferdig utdanna fagarbeidarar, og fleire av desse har også teke vidare utdanning etter fagbrevet. Nokon av dei har allereie fått utvida ansvar på våre ulike avdelingar.

Publisert: 01.07.2021 06:00

Sist oppdatert: 01.07.2021 06:13

Mer om