Myklebust foto Myklebust
GURSKEN: Stor aktivitet ved Myklebust Verft i mai i fjor, men verftet miste også oppdrag på grunn av korona. Foto: Myklebust
Nytt

I pluss trass koronaplunder

Myklebust Verft fekk kansellerte oppdrag i fjor på grunn av korona, men gjekk likevel i pluss.

12.06.2021

Sande-verftet har lagt fram informasjon om årsresultatet på si heimeside.

Der går det fram at verftet hadde ei omsetjing i 2020 på 540,9 millionar kroner, ein auke frå 380 millionar kroner i 2019.

Auken skriv seg i hovudsak frå auka nybyggingsaktivitet, i tillegg til annan ettermarknadsaktivitet.

Resultatnedgang
Driftsresultatet enda på 12,4 millionar kroner i 2020 mot 32,3 millionar kroner i 2019.

Dette gjev ein driftsmargin på 2,3% knytt til den operasjonelle aktiviteten i konsernet.

Årsrekneskapen er gjort opp med eit ordinært resultat før skatt på 4,8 millionar kroner, mot 24,6 millionar året før.

Myklebust Verft
Årsresultat (i mill kr) 2020 2019
Driftsinntekter 540,9 380
Driftsresultat 12,4 32,3
Resultat før skatt 4,8 24,6

Dokka 23 fartøy
Selskapet opplyser at fjoråret starta bra, men vart frå 12. mars negativt prega av Covid19. Det vert vist til kansellering av oppdrag, utfordringar knytt til smittevernhandtering og bemanning med vedvarande innreiserestriksjonar prega resten av året, og vidare inn i 2021.

Verftet gjennomførte likevel 41 prosjekt innan fiskeri, offshore og andre arbeidsbåtar. Det blei dokka 23 fartøy, som gav 210 dokkingsdøgn mot heile 302 året før.

Året var prega av lågare aktivitet i høve til forventningane for tredje, og spesielt fjerde kvartal, der store delar av arbeidsstokken også var permittert.

(saka held fram under)

Hurtigruten kjoeper Richard With
HURTIGRUTE-OPPDRAG: Myklebust kapra nyleg oppdraget med å bygge om hurtigruteskipet Richard With. Foto :Hurtigruten

Sølvtrans og Hurtigruten
I mars i år inngjekk verftet kontrakt på ein fjerde brønnbåt frå Sølvtrans. Båten er ei vidareutvikling frå dei tre fartøya som allereie er under bygging hos Myklebust. Dette betyr mellom anna ein auke i lastekapasiteten frå 4000 til 5000 kubikkmeter. Største lengde blir på 92,5 meter og breidda blir 20 meter. Levering av denne båten er avtalt til fjerde kvartal 2022.

I mai vart det i samarbeid med Kongsberg inngått ein større ombyggingsavtale med Hurtigruten, som skal byggje om Nordlys, Kong Harald og Richard With som ein del av planane om å kutte CO2-utsleppa langs Norskekysten med minst 25 prosent.

Myklebust har inngått kontrakt på første av dei tre skipa – Richard With - og oppdraget vil skje vinteren/våren 2022.

Remøy, Stordalen og Kleven
Etter at Kleven vart seld, og dei tidlegare Kleven-eigarane overtok Myklebust, har det ikkje skjedd endringar i eigarstrukuren ved Sande-verftet. Dette betyr at Hurtigruten og tilknytte er største eigar av Myklebust med 38 prosent av aksjane, der Petter Stordalen-selskapet Strawberry Equites står for 7,9 prosent.

Andre store eigarar er Åge Remøy/Magnus Roth gjennom Inyard Invest med 19 prosent av aksjane, medan Annelise Kleven Godø og Kjersti Kleven eig 18 prosent gjennom selskapet John Kleven AS.

Publisert: 12.06.2021 09:26

Sist oppdatert: 08.09.2021 11:10

Mer om