Elisabeth Solvang Erik Jakobsen Klyngekonferansen 2024 Ogne
KONKURRANSE: Bedriftene i den maritime klynga på Nordvestlandet vil auke arbeidsstokken. Den største utfordringa er å få kvalifiserte søkjarar fortel bedriftene i Klyngeanalysen 2024, som Erik Jakobsen i Menon Economics presenterte på Klyngekonferansen torsdag 19. september. Her er han på scena saman med konferansier Elisabeth Solvang i Åkp. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Mangel på folk er utfordring nummer éin

Over halvparten av bedriftene i den maritime klynga på Nordvestlandet slit med å finne kvalifiserte søkjarar.

20.09.2024

Verft, reiarlag, skipsdesignarar og utstyrsprodusentane som utgjer den maritime klynga på Nordvestlandet ventar å auke talet på tilsette med over 1000 frå i år til neste år.

Det viser svara i Klyngeanalysen som blei lagt fram i går. Samstundes viser den og kva bedriftene meiner er dei høgaste hindera for å få tak i folka dei treng.

På klar førsteplass er mangel på kvalifiserte søkjarar. 55 prosent av bedriftene svarar at det i stor eller i svært stor grad er ei barriere i rekrutteringsarbeidet. 24 prosent svarar at det i i ei viss grad er eit hinder.

På andreplass kjem høge lønskrav. 34 prosent av bedriftene svarar at det i stor eller svært stor grad er ein rekrutteringsbarriere for dei. 47 prosent svarar at det i ei viss grad hindrar rekruttering.

Jobb til partnar mindre viktig
Tilgang på jobb til partnaren i området spelar mindre rolle for rekrutteringa til bedrifter i den maritime klynga på Nordvestlandet.

Berre fem prosent svarar at det i stor eller svært stor grad er ein begrensande faktor.

Samferdselstilbod - som for eksempel kor lett det er å kome seg til og frå jobb - spelar større rolle. 11 prosent svarar at det i stor eller svært stor grad slår negativt ut for rekrutteringa.

Minst kritisk for rekrutteringa er kultur- og fritidstilbod. Berre tre prosent av dei spurte bedriftene opplever det som ein negativ faktor i stor eller svært stor grad.

Nær rekorden
Slår spådommen i Klyngeanalysen 2024 til, vil verft, utstyrsleverandørar, reiarkag og skipdesignara kome opp i nesten 17.000 ansatte neste år.

Det blir i så fall tredje år på rad med vekst i sysselsettinga. Rekorden er frå 2014, då rundt 18.000 personar henta levebrødey sitt i desse bedriftene.

Det er ein generelt god marknad som er hovudårsaka til veksten og forventningane om vidare vekst.

Publisert: 20.09.2024 09:26

Sist oppdatert: 20.09.2024 10:31