Solstadrettsaka Foto Grunde Grimstad
STORT OPPMØTE: Med Christen Sveaas og Kjell Inge Røkke på kvar si side i ei over tre månadar lang rettsak blir det stort medieoppbod i rettsalen. Foto: Grunde Grimstad
Nytt

Maraton-rettsak i gang

Første runde i retten i Solstad-striden i dag. Siste dag er først 16. januar neste år.

07.10.2025

Utgangspunktet for rettsaka er refinanisieringa av Solstad Offshore i 2023.

Christen Sveaas-eigde Kistefoss har gått til erstatningssak mot Aker Capital, Solstad-styret og meklarhuset Pareto fordi selskapet meiner refinansieringa favoriserte Aker-systemet på bekostning av dei andre aksjonærane.

Oyvind Eriksen foto Grunde Grimstad
PÅ PLASS: Styreleiar i Aker Capital og dagleg leiar i Aker, Øyvind Eriksen (nummer to frå venstre) er på plass i rettsalen. Foto: Grunde Grimstad

Kjell Inge Røkke-kontrollerte Aker gjekk inn 2,25 milliardar kroner, samstundes som ein stor del av flåten vart overført til eit nytt dotterselskap, Solstad Maritime, der Aker Capital vart majoritetseigar.

Klikk på lenka under for å lese ein lengre artikkel om striden rundt refinansieringa

Sunnmørs-reiarlag med
Oljeprisfallet i 2014 sende offshorereiarlaga o Noreg ut i ei djup og langvarig krise der selskapa i bransjen mpåtte gjennom fleire rundar med refinasiering for å berge seg.

I denne prosessen vart både Farstad-reiarlaget i Ålesund og dåverande Rem Offshore slukt inn i Solstad Offshore og etterkvart vart det lite att av landverksemda til det samanslåtte reiarlaget på Nordvestlandet.

Publisert: 07.10.2025 08:52

Sist oppdatert: 07.10.2025 09:29