Oslo tingrett innfelt christen sevaaas kjell inge rokke foto Oslo tingrett Kistefos aker Solutions 1
RETTSSAK FRAM TIL JUL: 13 veker er sett av til striden mellom Christen Sveaas (oppe til venstre) og Kjell Inge Røkke (nede til høgre) om kontrollen av Solstad-reiarlaget i Oslo tingrett. Foto: Oslo tingrett/Kistefos/Aker Solutions
Nytt

Startskot for Sveaas mot Røkke i retten

Milliardar står på spel når finansprofilane barkar saman i oppgjeret etter Solstad Offshore. Vitne frå Nordvestlandet er sentrale.

Grunde Grimstad
27.09.2025

Tysdag 7. oktober startar årets storoppgjer i Oslo tingrett, då to representantar for landets absolutte finanselite barkar saman i rettssystemet.

Då startar erstatningssøksmålet som investor og finansmann Christen Sveaas har fremma mot Kjell Inge Røkkes Aker Capital og styret i Solstad Offshore. 

Stridens eple er den omstridde refinansieringa og restruktureringa av offshorerederiet Solstad Offshore som enda med at store delar av flåten vart overført til eit nytt Aker-kontrollert selskap Solstad Marine.

Kistefos brukar ord som «ran av aksjonærverdiar» i sitt sluttinnlegg for å beskrive Røkke og Solstad-styrets sin oppførsel.

I tillegg er meklarhuset Pareto Securities trekt inn i saka, på grunn av si rolle som rådgivar for Solstad under prosessen. 

Dette er Solstad-striden:

  • I oktober 2023 melde kriseramma Solstad Offshore at det hadde blitt einige med kreditorane om ein refinansieringsavtale for å redde selskapet, i samarbeid med majoritetseigar Aker Capital.
     
  • Røkke-eigde Aker gjekk inn 2,25 milliardar kroner, samstundes som ein stor del av flåten vart overført tili eit nytt dotterselskap, Solstad Maritime, der Aker Capital vart majoritetseigar.
     
  • Minoritetsaksjonærane fekk berre begrensa tilgang til å delta i aksjesalget i det nye selskapet. 
     
  • Christen Sveaas sitt selskap Kistefos som var nest største eigar i Solstad Offshore, meiner Aker fekk overta båtane på billegsal medan småeigarane vart utvatna. 
     
  • Sveaas-selskapet Kistefos har tatt ut erstatningssøksmål mot Aker Capital, Solstad-styret og meklarhuset Pareto. Saka startar i Oslo tingrett 7. oktober. 
     
  • Solstad var i 2017 Norges største reiarlag med 154 skip, då det fusjonerte med Deep Sea Supply og Farstad Shipping.  

«Urimelege forretningsmetodar»
Kistefos har fått med seg ein stor del av dei opprinnelege Solstad-aksjonærar i søksmålet som skal gå for retten heilt fram mot jul.

I sakspapira skriv Kistefos at restruktureringsprosessen var ei «grov mishandling» av dei eksisterande Solstad-aksjonærane, at det vart bruk «urimelege forretningsmetodar» - og at Solstad var sterkt påverka av direkte press frå Aker og Røkke. 

– Dette er ein av dei mest grisete transaksjonane vi har sett på Oslo Børs, skreiv Sveaas i ei pressemelding då søksmålet vart tatt ut.

Prosessen enda med at store delar av Solstad Offshore sin flåte vart overført til det nye Aker-kontrollerte Solstad Maritime. 

Røkke, Remøy og Reite mellom vitna
Fleire sentrale namn i det norske finansmiljøet må inn og og avlegge forklaring under ed i løpet av hausten.

Dei mest spennande namna er sjølvsagt hovudpersonane sjølv, Christen Sveaas og Kjell Inge Røkke, styreleiar Øyvind Eriksen i Aker Capital, samt ålesundar og Røkke-mann Frank Ove Reite, som tidlegare har hatt ei lang karriere i toppen av Aker-systemet.

Normand prosper innfelt frank reite foto wikimedia commons converto
AKER-TOPP: Mangeårig Aker-topp Frank Reite er trekt inn i søksmålet etter restruktureringa av Solstad-reiarlaget. Foto: Wikimedia Commons/Converto

Kistefos meiner Reite dreiv ein rettstridig samanblanding av roller som styremedlem i Solstad Offshore, nestleiar i styret i Aker ASA og styremedlem i AMSC. 

I eit brev har dei vist til ein insentivavtale med Aker ASA gjennom selskapet Converto i Ålesund, et selskap Reite er styreleiar i. 

«Kistefos sin tilnærming er ubegrunnet og et villspor», har Reite tidlegare opplyst til Nett No i ein sms.

Anslår tap på opptil 10 milliardar
Aker fekk kjøpe hovuddelen av aksjane i det nye selskapet medan dei eksisterande aksjonærane, inkludert Sveaas, berre fekk høve til å kjøpe aksjer i ein mindre reparasjonsemisjon. 

Kistefos meiner Aker fekk kjøpe ein uforholdsmessig stor andel av emisjonen (aksjane i salet). Dette meiner dei er i brot med prinsipp om likebehandling av aksjonærar, og førte til ei utilbørleg utvatning av dei mindre aksjonærane. 

Saksøkjarane meiner flåtesalget kan medføre eit tap på opptil 10 milliardar kroner for småaksjonærane, dersom ein reknar med framtidige inntekter og verdistiging på flåten. 

Kriseloeysing paa plass for Solstad
MIDT I STRIDEN: Reiarsjef Lars Peder Solstad står midt i striden om offshoreflåten mellom finanskjendisane i det som allereie er blitt beskrive som ei av tiårets mest oppsiktsvekkande rettssaker. Foto: Solstad Offshore

Kistefos var nest største aksjonær
Kistefos har rekruttert ein stor del av dei andre småaksjonærane i Solstad Offshore til å bli med på søksmålet. Retten avviste Kistefos sitt ønske om å føre saka som eit gruppesøksmål, men tillet i staden at andre saksøkarar kan slutte seg til søksmålet.

Aker Capital eigde 32,9 prosent av Solstad Offshore før omstruktureringsprosessen. Kistefos var nest største aksjonær 16 prosent, og har i ettertid kjøpt seg opp i det nye selskapet Solstad Maritime.

Kistefos seier difor at det i realiteten skjedde ei direkte overføring av verdiar og kontroll til Aker.

Meiner alt blei gjort til selskapets beste
Aker hevdar derimot at kritikken er ubegrunna, og nektar for at dei urettmessig har prøvd å overføre verdiar og kontroll til seg sjølv. 

Omstruktureringsprosessen var tvert imot den einaste realistiske løysinga for å kunne berge selskapet, og dei har heile tida søkt å finne løysingar som var til selskapets beste. 

Konsernsjef i Solstad, Lars Peder Solstad uttalte til DN at dersom Akers restruktureringsplan ikkje hadde kome på plass, så hadde alternativet vore at bankar og obligasjonseigarane hadde tatt over rederiet.

I sakspapira hevdar Aker tvert imot at det er Kistefos som har drive ureint spel, og har hatt eigne planar om å utnytte Solstad-prosessen som verktøy for å styrke andre offshoreselskap der Kistefos er storaksjonær, til ulempe for Solstad-aksjonærane.

Har forsøkt å få til mekling
Sveaas er største eigar i offshorerederiet Viking Supply Ships, og er no også største eigar i Sea1 Offshore etter at Kristian Siem trakk seg ut i fjor. Kistefos-konsernet tente 1,6 milliardar kroner etter skatt i fjor, opp frå nær 400 millionar i fjor.

Det med-saksøkte meglarhuset Pareto seier på si side at søksmålet mot dei er grunnlaust og uforståeleg. Pareto har tidlegare forsøkt å få til ei megling med Kistefos utan at det har ført fram.

Stig remoy foto marius
I RETTSSALEN: Herøy-reiar Stig Remøy er mellom dei som stiller som vitne i rettssaka frå saksøkjarane si side. Foto: Marius Rosbach

Herøy-reiar Stig Remøy skal vitne
Heile Solstad-styret er kalla inn for å avgi forklaring, herunder Harald Espedal, Ellen Solstad, Peder Sortland, Ingrid Kylstad og Lars Peder Solstad.  

Kistefos vil i tillegg føre totalt 21 andre vitne med forskjellig kjennskap og tilknyting til saka. Alle vitna møter frivilleg, med unntak av Røkke-kritikar Stig Remøy som vil bli innkalt etter tvistelova §13-3. 

Aker stiller på si side med 15 vitne, mellom dei mange sentrale personar i Aker-systemet, DNB og Pareto-sjef Christian Jomaas og Corporate Finance-sjef Rolf Kristiansen. 

I tillegg kjem det sakkyndig-forklaringar frå Norges Handeslhøgskule (NHH) og meklarhusa Arctic Securities, Fearnley Offshore og Nordea. Frank Ove Reite stiller med ingen vitner.

Publisert: 27.09.2025 05:00

Sist oppdatert: 26.09.2025 23:56

Mer om