Nytt
Mare Safety gjennom sitt tøffaste år
Fjoråret gjekk i minus, men inngongen for 2019 har sikra båt- og bysseprodusenten rekordtjukk ordrebok.
Marius Rosbach
13.08.2019
Rekneskapen viser at fjoråret vart det tøffaste for Ulsteinvik-selskapet Mare Safety, etter at dei vart treft av oljenedturen.
Omsetninga auka til dryge 57 millionar kroner, men driftsresultatet bikka så vidt i minus. Resultat før skatt enda på en dryg million i minus (sjå tabell til høgre eller under om du les på mobil).
Trass i omsetninga har gått kraftig nedover etter toppåret 2014, har selskapet klart å unngå stygge underskott i rekneskapen. Fjoråret vart det første året med eit negativt driftsresultat.
Eigenkapitalen i selskapet på kring fem millionar, svarar til ein eigenkapitaldel på 20 prosent. Samla gjeld var på 20 millionar ved utløpet av 2018.
I tillegg fekk dei inntekter frå flåte- og redningsutstyr og kraner – i tillegg til 11,5 millionar frå varer, delar og reparasjonar.
Av omsetninga kom 51 millionar frå norske kundar, og 5,7 millionar vart sal til utlandet. Det vart sysselsett 18 årsverk i løpet av fjoråret, eitt meir enn året før.
Inngangen til 2019 hadde allereie då gitt langt meir arbeid enn fjoråret.
– Oppdragsmengda for 2019 ser bra ut og det er mange år sidan vi hadde ein slik storleik på ordreboka, fortalde Garshol.
Garshol tok over leiinga av Mare Safety i fjor haust etter Reidar Vågeskar - som framleis er største aksjonær.
Betre resultat hos systerselskapet som driv med skrogproduksjon i Polen, og på Larsnes med utrusting av båtar, var mellom årsakene.
Omsetninga auka til dryge 57 millionar kroner, men driftsresultatet bikka så vidt i minus. Resultat før skatt enda på en dryg million i minus (sjå tabell til høgre eller under om du les på mobil).
Trass i omsetninga har gått kraftig nedover etter toppåret 2014, har selskapet klart å unngå stygge underskott i rekneskapen. Fjoråret vart det første året med eit negativt driftsresultat.
Eigenkapitalen i selskapet på kring fem millionar, svarar til ein eigenkapitaldel på 20 prosent. Samla gjeld var på 20 millionar ved utløpet av 2018.
Mobbåtar og bysser
Ulsteinvik-selskapet får mesteparten av inntektene frå å lage mindre redningsbåtar og bysser. I fjor kom 23 millionar av inntektene rå sal av båtar og drygt 20 millionar frå byssedelen av verksemda, ifølgje (ekstern lenke).I tillegg fekk dei inntekter frå flåte- og redningsutstyr og kraner – i tillegg til 11,5 millionar frå varer, delar og reparasjonar.
Av omsetninga kom 51 millionar frå norske kundar, og 5,7 millionar vart sal til utlandet. Det vart sysselsett 18 årsverk i løpet av fjoråret, eitt meir enn året før.
God start på 2019
Då i mars, stadfesta han at 2018 vart eit tøft år.Inngangen til 2019 hadde allereie då gitt langt meir arbeid enn fjoråret.
– Oppdragsmengda for 2019 ser bra ut og det er mange år sidan vi hadde ein slik storleik på ordreboka, fortalde Garshol.
Garshol tok over leiinga av Mare Safety i fjor haust etter Reidar Vågeskar - som framleis er største aksjonær.
Les også:
Betring for holding
For morselskapet Mare Safety Holding peika pilene meir oppover allereie i 2018. Etter eit negativt driftsresultat og totalresultat i 2017, bikka begge deler over på plussida i fjor, ifølgje (ekstern lenke).Betre resultat hos systerselskapet som driv med skrogproduksjon i Polen, og på Larsnes med utrusting av båtar, var mellom årsakene.
Oppdragsmengda for 2019 ser bra ut
Publisert: 13.08.2019 08:59
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38