Nytt
Maritim klyngeavtale Norge – Tyrkia
Den maritime klynga på Møre har inngått samarbeidsavtale med tyrkiske Chamber of Shipping.
08.12.2014
- Ein viktig avtale, spesielt for dei små og mellomstore norske utstyrsbedriftene.
Dette seier adm. dir. Per Erik Dalen ved Ålesund kunnskapspark/Blue Maritime - Global Center of Expertice (GCE) Blue Marine.
Den regionale maritime klynga er ei av to klynger i Norge som har fått status som GCE, og det er med Tyrkia den første formelle avtalen som GCE er signert.
- Litt tilfeldig, men eit resultat av kontakter som vart gjorde under statsbesøket i Tyrkia i fjor, der vi var inviterte til å delta, seier Dalen.
Han seier at ein har liknande avtalar med Brasil, men dette var avtalar som vart inngått i regi av Norwegian Center of Expertise. I juli i år fekk klynga global status.
- For det første har Tyrkia 70 verft, og er ein av få verftsnasjonar med auka aktivitet der ein har stort behov for design og utstyr.
- For det andre vert det i dag bygt svært mange båtar for norske reiarar eller med norsk design.
Avtalen er med Chamber of Shipping, ein interesseorganisasjon for dei 70 tyrkiske skipsverfta.
- Vi møttest først i Istanbul. Deretter har vi hatt leiinga på besøk på Møre, slik at dei har fått lære betre det maritime miljøet å kjenne, seier Dalen.
Åtte-ni av dei tyrkiske verfta byggjer i dag båtar til norske reiarar eller båtar med norsk design. Dette er verft som ligg ved Istanbul, anten i Tuzla-området eller i Yalova-området.
I Yalova ligg verfta Tersan, Besiktas og Cemre på rekkje og rad, alle med stor norsk aktivitet.
- Norske utstyrsbedrifter bør absolutt etablere seg i Tyrkia, både for å levere utstyr til dei norske skipa, men også utstyr til skip til Russland, Island, Førøyane og andre land, seier Gazoglu.
Verftet har spesialisert seg på å byggje nøkkelferdige skip.
- Dette er ein vinn-vinn-situasjon for Norge og Tyrkia. Båtane vert bygde her, men mykje av utstyret er norsk.
- Vi ønskjer sjølvsagt at flest mogleg skip vert bygde i Norge, men verda er ikkje alltid slik vi ønskjer.
- Vi kan like det eller ei, men Tyrkia kjem til å byggje mange nye skip framover. Då er det etter vårt syn betre å vere offensive og tilstades, enn å sitje på gjerdet.
Han meiner at det er særleg er dei små og mellomstore utstyrsbedrifter som vil ha nytte av samarbeidsavtalen med Chamber of Shipping.
- Dei største bedriftene er allereie på plass, men vi har vorte kontakta av mindre bedrifter som ønskjer ei handsrekning frå oss, seier han.
- Etter vårt syn er dette bra for Norge og norske utstyrsprodusentar. Tyrkia har eit aktivt maritimt miljø, i tillegg til at det er land med 81 millionar innbyggjarar, og eit land i økonomisk vekst. Her er det viktig å vere til stades.
Ho seier at Norge og norsk utstyr har eit svært godt rykte i Tyrkia.
- Det er liten tvil om at tyrkiske verft ønskjer å jobbe tett saman med norske aktørar. Denne avtalen mellom Blue Maritime-GCE og Chamber of Shipping er viktig for å styrke denne kontakten.
Dette seier adm. dir. Per Erik Dalen ved Ålesund kunnskapspark/Blue Maritime - Global Center of Expertice (GCE) Blue Marine.
Den regionale maritime klynga er ei av to klynger i Norge som har fått status som GCE, og det er med Tyrkia den første formelle avtalen som GCE er signert.
- Litt tilfeldig, men eit resultat av kontakter som vart gjorde under statsbesøket i Tyrkia i fjor, der vi var inviterte til å delta, seier Dalen.
Han seier at ein har liknande avtalar med Brasil, men dette var avtalar som vart inngått i regi av Norwegian Center of Expertise. I juli i år fekk klynga global status.
Stor verftsaktivitet
Dalen meiner at det er naturleg at det vert knytt sterkare maritime band mellom Norge og Tyrkia.- For det første har Tyrkia 70 verft, og er ein av få verftsnasjonar med auka aktivitet der ein har stort behov for design og utstyr.
- For det andre vert det i dag bygt svært mange båtar for norske reiarar eller med norsk design.
Avtalen er med Chamber of Shipping, ein interesseorganisasjon for dei 70 tyrkiske skipsverfta.
- Vi møttest først i Istanbul. Deretter har vi hatt leiinga på besøk på Møre, slik at dei har fått lære betre det maritime miljøet å kjenne, seier Dalen.
Høgskule-samarbeid
I første omgang er det laga ein rammeavtale, men målet er å utvide samarbeidet etter kvart. Mellom anna er det knytt band band mellom Høgskulen i Ålesund og eit nytt maritimt universitet i Istanbul.Åtte-ni av dei tyrkiske verfta byggjer i dag båtar til norske reiarar eller båtar med norsk design. Dette er verft som ligg ved Istanbul, anten i Tuzla-området eller i Yalova-området.
I Yalova ligg verfta Tersan, Besiktas og Cemre på rekkje og rad, alle med stor norsk aktivitet.
Vinn-vinn-situasjon
Verftsdirektør Mehmet Gazoglu ved Tersan seier til NETT NO at han i stor grad føler seg som ein ambassadør for norsk utstyr. Ved verftet er mellom anna nye Leinebris til Herøy/Averøy under bygging og eit avansert offshorefartøy for Ålesund-baserte Volstad Shipping – begge med 70-80 prosent norsk utstyr.- Norske utstyrsbedrifter bør absolutt etablere seg i Tyrkia, både for å levere utstyr til dei norske skipa, men også utstyr til skip til Russland, Island, Førøyane og andre land, seier Gazoglu.
Verftet har spesialisert seg på å byggje nøkkelferdige skip.
- Dette er ein vinn-vinn-situasjon for Norge og Tyrkia. Båtane vert bygde her, men mykje av utstyret er norsk.
Best å vere på plass
Per Erik Dalen er samd i at det er viktig at norske utstyrsleverandørar er representerte i Tyrkia.- Vi ønskjer sjølvsagt at flest mogleg skip vert bygde i Norge, men verda er ikkje alltid slik vi ønskjer.
- Vi kan like det eller ei, men Tyrkia kjem til å byggje mange nye skip framover. Då er det etter vårt syn betre å vere offensive og tilstades, enn å sitje på gjerdet.
Han meiner at det er særleg er dei små og mellomstore utstyrsbedrifter som vil ha nytte av samarbeidsavtalen med Chamber of Shipping.
- Dei største bedriftene er allereie på plass, men vi har vorte kontakta av mindre bedrifter som ønskjer ei handsrekning frå oss, seier han.
Godt norsk rykte
Direktør Kristianne Storehaug i Innovasjon Norge i Tyrkia er glad for avtalen.- Etter vårt syn er dette bra for Norge og norske utstyrsprodusentar. Tyrkia har eit aktivt maritimt miljø, i tillegg til at det er land med 81 millionar innbyggjarar, og eit land i økonomisk vekst. Her er det viktig å vere til stades.
Ho seier at Norge og norsk utstyr har eit svært godt rykte i Tyrkia.
- Det er liten tvil om at tyrkiske verft ønskjer å jobbe tett saman med norske aktørar. Denne avtalen mellom Blue Maritime-GCE og Chamber of Shipping er viktig for å styrke denne kontakten.
Vi ønskjer sjølvsagt at flest mogleg skip vert bygde i Norge, men verda er ikkje alltid slik vi ønskjer
Publisert: 08.12.2014 06:10
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:39