Sidan utgangen av juni 2021 og fram til no har Maritime Partner i Breivika i Ålesund inngått kontrakter for til saman 338 millionar kroner. 218 millionar av ordreinngangen har kome hittil i år, og omfattar melllom anna også kontrakter som ikkje er offentleggjorde enno.
- Det er veldig bra, seier dagleg leiar og medeigar Peder Myklebust i Maritime Partner.
2021-resultatet (sjå tabell) er prega av at ordreinngangen tørka inn med pandemien, men i år ligg selskapet an til å nå 210 millionar kroner i driftsinntekter og "eit greit pluss", seier Myklebust.
Nye marknadar
Målt i driftsinntekter var 2014 toppåret for Maritime Partner med 309 millionar kroner i driftsinntekter, og 13 millionar kroner i resultat før skatt.
Då var ulike typer arbeids- og redningsbåtar for oljenæringa hovudmarknaden for selskapet sjølv om Maritime Partner allereie då var i gang med å vinne innpass i nye marknader.
Selskapet har mellom anna levert brannbåtar, ambulansenbåtar, arbeidsbåtar til oppdrettsnæringa og til turistnæringa, men har ikkje greidd å unngå minusresultat frå med 2015 til og med i fjor.
Krig gir uvisse
Det som etter Myklebust si vurdering kan rokke ved dei gode utsiktene for Maritime Partner er konsekvensen av krigen i Ukraina, og koronapandemien, som forstyrrer forsyningslinene.
Etter at årsmeldinga for 2021 vart ferdig skriven tidlegare i sommar har selskapet måtte utsette levering av ein båt med seks-sju veker. Det er snakk om ei såkalla force majeure-hending på grunn av krigen.
Slike forseinkingar skaper negative ringverknader for resten av produksjonen, spesielt no når det er mange kontraktar i kø og selskapet treng å få frigjort plass i produksjonslokala til neste oppdrag.
Maritime Partner as (konsern) | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 130,1 | 181,3 |
Driftsresultat | -2,8 | -4,9 |
Resultat før skatt | -6,3 | -8,0 |
Publisert: 09.08.2022 05:00
Sist oppdatert: 09.08.2022 05:05