Asbjørg Giske Maritimt Magasin
BRATTVÅG: Asbjørg Reiten Giske og Maritimt Magasin med eit nytt bra år. Redaktøren er optimistisk. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Fleire utlendingar vel Brattvåg-magasin

Fleire utanlandske annonsørar marknadsfører seg i Maritimt Magasin.

16.04.2021

- Dette ser vi som eit kvalitetsstempel, at dei ser på oss som den viktigaste plassen for å marknadsføre seg inn mot dei maritime og marine bransjane i Norge.

- Fleire og fleire bestiller annonser for eit heilt år fram i tid, også dei utanlandske gjer det.

Det seier redaktør Asbjørg Reiten Giske i Brattvåg-baserte Maritimt Magasin.

Merkar pandemien
Selskapet har gått med overskot sidan starten i 2002. Slik også i fjor, sjølv om ein merka godt til koronapandemien.

- Vi har møtt den med ein del permitteringer og reduserte kostnader der vi kan. Vi har tilsette som framleis jobbar heimanfrå, og det fungerer godt, seier Reiten Giske.

Fleire og fleire bestiller annonser for eit heilt år fram i tid
Asbjørg Reiten Giske
Maritimt Magasin
Årsresultat (i mill kr) 2020 2019
Driftsinntekter 6,3 6,9
Driftsresultat 0,9 0,7
Resultat før skatt 1 0,8

Saknar fysiske messer
Selskapet hadde ei omsetning på 6,3 millionar, 0,7 millionar svakare enn året før. Men resultatet før skatt vart forbetra.

- Resultatmessig er vi godt nøgde med resultatet for 2020. Det tok seg litt opp på slutten av året, og så langt i 2021 ser det bra ut. Men vi er sjølvsagt spente på om det vil bli arrangert messer og konferansar igjen.

- Digitale møteplassar er greie nok, men ikkje det same som å treffest ansikt til ansikt.

Asbjørg Reiten Giske eig 100 prosent av selskapet, som har null kroner i langsiktig gjeld og ein samla eigenkapital på 7,0 millionar kroner.

Publisert: 16.04.2021 05:55

Sist oppdatert: 16.04.2021 00:40

Mer om