Mat og drikke gir ringverknader
Eit godt restauranttilbod gjer det lettare å rekruttere for resten av næringslivet.
Lenge var det berre ein fiskebutikk med nokre få bord i eit hjørne på gateplan i hamnevesenet sitt bygg i Måløy.
No er Havfruen Måløy ein populær restaurant med 130 sitteplassar. Møteplassen har hatt vekst og gått i pluss frå starten i 2020.
- Jul- og nyttårsdagane legg redaksjonen ut ei rekkje artiklar som tidlegare er publiserte i årets NETT NO-magasin. Artiklane er opne også for ikkje-abonnentar.
- Les heile magasinet her
I nabolaget driv Kristian Hamnaberg delikatessebutikken og lunsjkafeen Kb77 på dagtid og den kombinerte vinbaren og restauranten Kadaver på kveldstid. Store delar av næringslivet i Måløy er med på eigarsida.
Restaurantbransjen er ikkje lenger berre eit Ålesund og Molde-fenomen.
Nett No si oversikt over resultata til restaurantbransjen på Nordvestlandet i 2023 omfatta 36 selskap, 14 av dei med adresser utanom Ålesund og Molde.
Grunnleggande viktig
Sindre Kvalheim meiner dei to restaurantane i Måløy er eit grunnleggande viktig tilbod for byen.
Han er sjef i it-selskapet Localhost, investor, heimflyttar og ein av dei som dreiv fram etableringa av datasenteret Lefdal Mine Datacenter i den nedlagde olivingruva mellom Måløy og Nordfjordeid.
– Vi treng begge, seier han. – Å har dette restauranttilbodet er eitt av trekkplastera for å lokke yngre folk til Måløy-regionen og behalde dei der, anten dei er heimflyttarar eller tilflyttarar.
Ute i restauranten hos dagleg leiar Margrethe Gangsøy og kjøkkensjef Anne Cecilie Hegnes i Havfruen Måløy er det fullt hus ein onsdagskveld i haust. Her er ei stor gruppe frå ein fiskerikonferanse, her er par, vener og større familiar.
Fullt hus er ikkje uvanleg, og alt tidleg i september i år visste dei at julebordsesongen 2024 ville bli rekordbra.
Gangsøy er grunnleggar og fekk med seg Hegnes litt etterpå, både som tilsett og medeigar. At dei sjølve deltek i drifta, er ein del av forklaringa på det økonomiske resultatet, meiner dei.
Og så er det bra med ein eigenskap til.
– Vi er skikkeleg stå-på-folk, og seier ja til det meste, seier Gangsøy.
Over ein halv milliard
Til saman hadde dei 36 restaurantane på Nordvestlandet i Nett No-oversikta over ein halv milliard kroner i driftsinntekter i 2023.
Hadde dei vore samla i éi bedrift, ville dei ha fått plass blant dei hundre største bedriftene på Nordvestlandet, målt etter inntekt.
Nett No-oversikta omfattar dessutan berre ein del av bransjen. Gatekjøkken, McDonalds og Burger King-restaurantar, kjøpesenterkafear, cateringbedrifter og hotellrestaurantar er mellom dei som ikkje er med.
Berre serveringsstadane på Amfi Moa åleine omsette for 242 millionar kroner i 2022, ifølge ei oppteljing Amfi Moa gjorde for Nett No i fjor.
Pioneren
Etter at Ove Fjørtoft opna restauranten Sjøbua i Ålesund i 1987, var han lenge sjef for den einaste restauranten i denne klassa på Nordvestlandet. Det var hit forretningsfolk gjekk for å imponere gjestar og feire ein god handel.
Det tok tid, men etter kvart kom fleire etter.
– Det er mange fleire stjernerestaurantar, seier Fjørtoft om status for restaurantbransjen på Nordvestlandet i dag.
I tillegg peikar han på fleire andre faktorar bak restaurantveksten:
- Fleire rimelegare restaurantar, spesielt basert på utanlandsk kjøkken.
- Enklare å få skjenkeløyve.
- Fleire ledige lokale på bakkeplan fordi sentrumsbutikkar er lagde ned eller flytta.
- Større tilbod av take away-restaurantar.
Sjølvforsterkande
Egon-sjef Veronika Kalland Aurdal flytta til Ålesund for elleve år sidan. Då hadde ho allereie arbeidd fleire år i kjeda i Oslo.
Den gongen var overgangen frå restaurantmarknaden i Oslo til Ålesund veldig stor.
– Det var som å kome på bygda, sa ho til Nett No for to år sidan, då bransjen var i ferd med å kome seg ut av koronapandemien.
I dag er marknaden i Ålesund ein heilt annan.
– Det har vore ein enorm vekst, sa Kalland Aurdal til Nett No.
Mellom anna er også lunsjmarknaden veksande, og Kalland meiner veksten er sjølvforsterkande.
– Vi dreg meir folk ut for å ete når det er meir å velje i, sa ho.
- Jul- og nyttårsdagane legg redaksjonen ut ei rekkje artiklar som tidlegare er publiserte i årets NETT NO-magasin. Artiklane er opne også for ikkje-abonnentar.
- Les heile magasinet her
Større plass i lommeboka
Dagleg leiar Tom Anker Skrede i reiselivsorganisasjonen Destinasjon Ålesund og Sunnmøre meiner Ålesunds-restaurantane tener på både byens rolle som forretningssentrum, på den generelt større interessa for mat og på større vilje til å gå på restaurant.
Skrede meiner restauranttilbodet er uvanleg stort for ein by på Ålesund sin storleik.
– I forhold til folketalet har vi mange restaurantar i byen, seier han.
Terskelen for å gå ut er blitt lågare, både i forretningssamanheng og privat, og det gjeld òg ved lunsjtider. Bransjen er inne i ein positiv sirkel, og det forsterkar også dei positive ringverknadane.
– Kokken har fått ein meir fortent plass i lommeboka til folk, seier Skrede.
Publisert: 24.12.2024 05:00
Sist oppdatert: 23.12.2024 14:59