Meiner det finst fleire Rundeskattar
I dag er det 50 år sidan Rundeskatten vart funnen. Ei ny utstilling skaper fornya interesse.
- Ja, det er heilt sikkert at det ligg meir rundtom. Vi må ikkje tru anna enn at dei sakna vi høyrde som barn er sanne.
Det sa Kaja Runde frå Runde under opninga av den nye utstillinga av Rundeskatten ved Runde Miljøsenter.
Kaja Runde var tenåring då ein ålesundar og to svenskar fann enorme mengder sølv- og gullmyntar ved Runde i 1972.
Ho trudde at det var 'Borga' dei hadde funne, for på Runde gjekk det mange sagn om at det spanske skipet Castillo Negro hadde forlist ved Runde med umåtelege verdiar om bord.
- Det finst slike sagn langs heile kysten. Den einaste skilnaden er at her er dei sanne, sa Runde.
Døtrene fortalde
Det var dei tre sportsdykkarane Bengt-Olof Gustafsson, Stefan Persson og Eystein Krohn-Dale som i 1972 fann nærare 57 000 myntar, av dei 6624 gullmyntar, i bukta søraust for Kalveneset på Runde.
Myntane kom frå det nederlandske frakteskipet Akerendam.
Under opninga av utstillinga på Runde miljøsenter deltok Anna og Maj Persson, døtrene til Stefan Persson, som sjølv var forhindra frå å stille.
Dei fortalde at faren var svært interessert i det marine livet i havet, og at han under eit dykk saman med Bengt-Olof Gustafsson og Eystein Krohn-Dahle hadde oppdaga eit område der det ikkje fanst algar. Dette syntest han var underleg, så han symde nærare og vekk frå dei to andre, og såg då det han trudde var små runde steinar på botnen. Han tok opp ein stein, og oppdaga at det var ein sølvmynt.
Då dei tre dykkerane møttest ved dykkerbåten, hadde dei to andre også gjort funn.
- Såg du kanona? spurde Krohn-Dale og Gustafsson.
- Såg du myntane? svara Persson.
Vart flytta 'heim' frå Bergen
Dermed var sirkuset i gang, der til slutt store deler av verdspressa kasta seg over historia om det sensasjonelle funnet, men der Sunnmørsposten og feriefotograf Jan Ove Steffensen var den første som tok bilde av funna, bilde som no er ein del av utstillinga.
Det er utstillingsdesignar og formidlar Åshild Sævik som har gitt utstillinga av Rundeskatten eit visuelt løft, og samtidig skapt ei utstilling som i større grad formidlar den unike historia som dannar bakteppet for dei utstilte gjenstandane.
Frå før har det vore ei mindre utstilling, etter at det kulturhistoriske materialet frå vraket av Akerendam vart oppbevart ved Bergen Sjøfartsmuseum i nesten 40 år, fram til 6. januar 2011. Då tok Runde Miljøsenter over ansvaret, og frakta myntane og gjenstandane «heim» til Runde Miljøsenter.
Skulle til Indonesia
På utstillinga er det ei rekke myntar og gjenstandar, men også ein liten kopi av det som skal vere Akerendam, som 19. januar 1725 la ut på jomfruturen sin frå øya Texel med kurs for Batavia (Jakarta i Indonesia). Ho segla i lag med Gaasperendam og Kockenge, som også tilhøyrde det Nederlandske Ostindiske kompani.
Skipa var lasta med handelsvarer, og pengar som skulle brukast til å kjøpe krydder og andre verdifulle varer frå Aust Asia. Om bord i Akerendam var det 19 kister med gull- og sølvmyntar. Det var 200 menneske om bord.
På grunn av alle piratane i Den engelske kanal, segla skipa nord om Skottland. I eit frykteleg uvêr kom Akerendam bort frå dei to andre.
200 miste livet
Om morgonen den 8. mars 1725 såg folk på garden Goksøyr på Runde at det var vrakgods i fjøra. Dei næraste dagane vart det funne omkomne og restar etter skipet over store område. Alle dei 200 om bord mista livet.
I tida etter forliset vart det berga opp fem kister med myntar frå vrakstaden, men så vart det stille om tragedien, skriv Runde Miljøsenter på si heimeside.
Det var aktuar og historikar Ivar Myklebust frå Ørsta som tidleg i 1960-åra på nytt drog forliset fram i lyset då han fann arkivmateriale etter sjøforklaringa som blei halde på tinget i Ørsta i 1726, men det var likevel heilt tilfeldig at dei tre sportsdykkarane plutseleg fann både kanoner og myntar på havbotnen ved Runde.
Det finst slike sagn langs heile kysten. Den einaste skilnaden er at her er dei sanne
Eitt av største funna
Rundeskatten er eit av dei største myntfunna i Europa. Etter ein langvarig strid fekk finnarane 75 prosent av verdien, den norske stat fekk 15 prosent, og den nederlandske stat fekk 10 prosent.
Verdien vart i 1972 anslått til mellom 30 og 40 millionar norske kroner.
Dagleg leiar Ottar Håkonsholm er sikker på at utstillinga vil gi Runde miljøsenter eit løft.
- No har vi noko skikkeleg bra å vise fram.
Fekk støtte
Han opplyser at det var budsjettert med 650.000 kroner for oppgradering av utstillinga, og at ein hadde fått god støtte med fylkeskommunen i tillegg til lokalbankane Sparebanken Møre og Sparebank1 Søre Sunnmøre.
- Pengane er brukte opp, og vi har ikkje fått alle fakturane, sa Håkonsholm.
- Vi gir ytterlegare 250.000 kroner til prosjektet, opplyste banksjef Stig Brautaset i Sparebank1 Søre Sunnmøre.
- Utruleg kjærkome, seier Håkonsholm.
Publisert: 06.07.2022 04:00
Sist oppdatert: 06.07.2022 06:36