Meiner ferskfiskordninga blir utnytta
Torskenettverk etterlyser kontrollar.
Nergaard sa dette på eit reguleringsmøte, som blir halde i Bergen tysdag og onsdag denne veka. Det er Fiskeridepartementet som har invitert representantar for fiskerinæringa, forvaltinga, embetsverket og andre interesseorganisasjonar. Temaet for diskusjonane er korleis fiskeria skal regulerast neste år, melder Fiskeribladet.
Har foreslått reduksjon
Tysdag vart torsken diskutert, og her blei det debatt om både ferskfiskordninga og kvotebonus for levandefangst. Begge er insentivordningar som styresmaktene har innført for å bidra til auka aktivitet utanfor hovudsesongen.
Fiskeridirektoratet har foreslått å redusere avsetningane til ferskfiskordninga med 20 prosent, tilsvarande nedgangen i torskekvoten. Det vil gi ei avsetning på 12.300 tonn i lukka gruppe og 1500 tonn i open gruppe.
Etterlyser kontrollar
Det har kome meldingar om svært varierande kvalitet på fisken som blir landa, og organisasjonen Sjømatbedriftene ber direktoratet om å sjå på reguleringane for å få bukt med dette.
Ørjan Nergaard, styreleiar i torskenettverket Cod Cluster, etterlyser kontrollar på kaikanten.
– Det er kjempeuheldig at nokre aktørar utnyttar ordninga. Eg forventar at Mattilsynet og Fiskeridirektoratet gjer jobben sin her, seier han.
(©NPK)
Publisert: 10.11.2021 12:19
Sist oppdatert: 10.11.2021 12:27