Harry valderhaug louis nordstrand gjøsund foto marius 11
GJØSUNDET: Ordførar Harry Valderhaug iført sølvhjelm i anledning oppdraget med å ta den symbolske første grabben, saman med Louis Nordstrand som leiar Gjøsund Utvikling. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Vil bli «one stop shop» for fiskeflåten

Gjøsundet vil tilby «alt» på ein plass for trafikken til sjøs. På sikt vil dei tilby hydrogen og biogass - og landstraum frå solceller. Næringsaktørar applauderer planane.

Marius Rosbach
06.11.2021

Torsdag kunne Giske kommune markere at planane for å bygge ut Gjøsundet til ei nasjonal fiskerihamn - med langt meir attåt, er i gong for alvor.

Dagleg leiar Louis Nordstrand i Gjøsund Utvikling kunne fortelje at dei hadde fått med seg omtrent «rubbel og bit» av marine og maritime bedrifter i kommunen til å være med på prosjektet.

– Det er veldig kjekt å oppleve ei slik utvikling, understreka han.

Skal få ordna alt ein plass
Til sjølve hamneprosjektet blir det brukt 105 statlege millionar. Nordstrand anslår at det vil vere behov for investeringar på det doble, eller tredoble for å realisere kaier og infrastruktur på landsida. Utbygginga vil skje stegvis.

– Fiskebåtane som kjem inn frå tur skal få ordna mest mogleg på ein plass. Om vi lukkast med det, vil denne hamna skilje seg ut frå andre hamner i regionen. «One stop shop» er vel eit godt nynorsk ord for det, la Nordstrand til.

Fiskebåtane som kjem inn frå tur skal få ordna mest mogleg på ein plass
Louis Nordstrand

– Vi snakkar om tenester som kjøl og frys og enklare skipsvedlikehald, og eigentleg alt anna som ein båt kan trenge for å bli klar til å gå på sjøen igjen, fortalde Nordstrand.

Dette er Gjøsund Utvikling

Selskapet blei stifta i 2018 og skal jobbe for å utvikle Gjøsundet i samarbeid med grunneigarar og det offentlege.

Giske kommune er største eigar i utviklingsselskapet, men på aksjonærlista står ei lang rekke lokale reiarar, bedrifter og Giske Fiskarlag.

Selskapet er i innspurten med eit utkast til ein overordna strategisk plan for den vidare utvikling i Gjøsundet.

Planen er ei bestilling frå Giske kommune som også har hatt ein representant i styringsgruppa for arbeidet med denne. Eit mogleg organisering av den vidareutbygginga kan vere eit felles grunneigarselskap, og dette arbeidet vert no prioritert.

Les meir om utbygginga (ekstern lenke)

(saka held fram under)

Gjøsund illustrasjon Gjøsundet Utvikling 11
MUDRING OG UTFYLLING: I løpet av det neste året får sundet mellom Valderøya og Giske djupare seglingsdybde og ei stor utfylling på austsida av sundet. Illustrasjon: Gjøsund Utvikling

Vil ha meir fisk sjøevegen
Også internasjonale næringsaktørar har vist interesse for å etablere seg ved sundet mellom Vigra og Valderøya.

Torsdag var mellom anna aktørar frå Hirtshals på plass. Selskapa driftar kjøl- og frysanlegg, pluss logistikken i den danske hamna. Dei ser på korleis Gjøsundet med si sentrale plassering til Ålesund sin fiskeeksport, passar inn i arbeidet med å få meir transport over til kjøl.

Drivstoff, hydrogen og biogass
Drivstoff vil naturleg høyre til i tilbodet, og Ålesund-selskapet Bunker Oil er mellom dei som er interessert i å etablere seg ved Gjøsund Hamn.

Sjå video under frå området:

Hamna vil legge til rette for tilbod av framtidas energikjelder - alt frå hydrogen, biogass og LNG. På dette området har dei lokale selskapa Norwegian Hydrogen og Biogass Møre vist interesse.

Louis Nordstrand påpeiker at det er viktig å sette av plass til anlegg for til avfallshandtering frå fiskeindustrien og andre kjelder.

– Berekraft blir sentralt for alle som skal etablere seg her - og samarbeid, seier han.

Hydrogenselskap: – Svært spennande
Hydrogenselskapet Norwegian Hydrogen var mellom dei lokale bedriftene som var med på ein workshop på Gjøsund torsdag.

Administrerande direktør Jens Berge fortel at han var svært imponert over den breie deltakinga frå lokalmiljøet, og openheita for å tenke høgt om ulike grøne løysingar.

– Vi ser på dette som svært spennande på lik linje med andre lokasjonar i Norge der det blir jobba med å utvikle hamneområde og anna framtidsretta infrastruktur, seier Berge til NETT NO.

I dialog med reiarar
Berge fortel at dei er i dialog med fiskebåtreiarar rundt omkring i landet om å gå over til hydrogen.

– Om mange nok i denne regionen meiner det er ein god ide, så vil vi sette det høgt på dagsorden at dei skal få det hydrogenet dei treng på Gjøsundet, seier Berge.

Ålesund-selskapet tek sikte på å bli ein leiande nasjonal aktør på hydrogen, og jobbar med moglege prosjekt ein rekke andre stader.

– At Gjøsundet er så tett på Ålesund, gjer at vi kan ha ei spesielt tett oppfølging allereie i ein tidleg fase, legg Berge til.

(saka held fram under)

Tor Ola G Olsen subsea 7 foto marius 11
BASESJEF FOR SUBSEA 7: Tor Ola G. Olsen leiar ein allereie betydeleg aktør på Gjøsundneset. Subsea 7 har planar om anlegg for landstraum og solkraftverk. Foto: Marius Rosbach
Planlegg landstraum og solceller
Subsea 7 er allereie ein stor aktør i lokalmiljøet på Giske med spolebasen. Der lagar dei opptil halvannan kilometer lange kablar.

– Vi kjem definitivt til å bruke den nye djupsvasskaia, slo basesjef Tor Ola G. Olsen fast.

Han fortalde at selskapet jobbar med å få på plass eit anlegg for landstraum til skipa som kjem for å frakte kablane ut sjøvegen. Det er søkt om midlar frå Enova og inngått intensjonsavtale med kommunen og hamneselskapet. Prosjektet er forankra i toppleiinga og NTNU er også kopla på.

Målet er eit anlegg for landstraum med lading og eit tilhøyrande anlegg med solceller på kring 6000 kvadratmeter. Om dei lukkast ville dei berre frå skipa, spare utslepp frå 1000 tonn diesel årleg, fortalde Olsen.

Publisert: 06.11.2021 05:55

Sist oppdatert: 06.11.2021 12:05

Mer om