Fiskebåtar i Ålesund foto Ogne
KOMPENSERT: CO2-avgifta skal opp, men fiskeflåpten skal bli kompesert for auken, foreslår regjeringa. Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Skjermar fiskeflåten mot avgiftsauke på CO2

Regjeringa vil auke CO2-avgifta, men kompensere fiskeflåten for avgiftsauken.

08.11.2021

Solbergsregjeringa forelslo ein gradvis auke i avgifta på CO2-utslepp fram til 2030, som ville betydd omlag ei dobling av drivstoffkostnadane.,

Den auken vil også Ap/Sp-regjeringa gjennomføre, men lovar samstundes at fiskarane skal kompenserast for auken

"Regjeringen vil kompensere fiskerinæringen for den økte CO2-avgiften i 2022" heiter det i regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2022.

I og med at kompensasjonen gjennom dagens kompensasjonsording blir betalt på etterskot vil framlegg om å auke løyvinga til kompensasjonsordninga ført kome i statsbudsjettet for 2022.

Kan bli endringar
Dagens kompensasjonsordning er laga slik at også fiskefartøy som bunkrar utanfor Noreg - og dermed ikkje betalar norsk CO2-avgift også kan får utbetalt tilskot frå kompenasjonsordninga.

Det vil regjeringa har slutt på og varslar ein gjennomgang av ordningar " for å se hvordan den kan bli mer rettferdig", heiter det i regjeringa sitt framlegg til startsbudsjett for 2022.

Publisert: 08.11.2021 12:35

Sist oppdatert: 18.11.2021 12:46

Mer om