I kjølvatnet av under i sommar er det oppstått diskusjon om kva for reglar som gjeld for hotellverksemd i norske hamner.
Stortingsrepresentant Terje Aasland (Ap) meiner det er grunn til uro for at utanlandske reiarlag vil forsøke utnytte situasjonen. Difor har han stilt næringsminister Iselin Nybø fleire spørsmål om saka i Stortinget, og er framleis ikkje nøgd med svara.
Nybø meiner ei periode på ein månad, eller to, er snakk om «ei lengre periode». Om det gjeld drift med inn- og utsjekking som eit vanleg hotell, vil verksemda med andre ord måtte følgje den norske arbeidsmiljøloven.
Næringsministeren meiner det stiller seg annleis om ein leigetakar til dømes nyttar skipet til å innkvartere tilsette midlertidig.
– Om statsråden her meiner å leige eit utanlandsk skip for å innkvartere tilsette frå ein bustadrigg i Nordsjøen i samband med ombygging, så er det greit. Men om ho meiner det er er opning for å drive hotellverksemd til kai - med eigne tilsette buande om bord, så meiner eg det ikkje er greit, seier Aasland til NETT NO etter å ha fått svaret.
Han meiner siuasjonen framleis er uklar, og er uroa for at utanlandske reiarlag kan forsøke å utnytte situasjonen.
– Eg vil at vi skal unngå ein situasjon der det blir nytta utanlandske arbeidstakarar i norske hamner, i konkurranse med verksemder på land, seier han.
Nybø meiner at det i kvart enkelt tilfelle også må vurderast om skipet blir nytta i anna verksemd, utover det som skjer unntaksvis og kortvarig. I tilfelle vil verksemda til skipet ikkje lengre høyre innunder lovverket for skipstrafikken.
Næringsministeren påpeiker samtidig at det ikkje er aktuelt å forby utanlandske skip å drive maritim verksemd i Norge.
Ved å nytte NIS-skip er det mogleg å ha tilsette på lønns- og arbeidsvilkår langt under det som er vanleg i verksemder på land i Norge, men reiarlaget har påpeika at dei tilsette hadde lønn på norsk nivå under oppdraget med filminnspelinga.
Norsk Sjømannsforbund og Fellesforbundet melde likevel Hurtigruten til politiet for brot på utlendingslova. Saka blei lagt vekk av «allmennpreventive hensyn».
Stortingsrepresentant Terje Aasland (Ap) meiner det er grunn til uro for at utanlandske reiarlag vil forsøke utnytte situasjonen. Difor har han stilt næringsminister Iselin Nybø fleire spørsmål om saka i Stortinget, og er framleis ikkje nøgd med svara.
«Ei lengre periode»
Ifølgje eit skriftleg frå statsråden tysdag er konklusjonen at det ikkje er opning for å legge eit skip i ei norsk hamn i ein månad for å drive hotell - med tilsette på heilt andre lønns- og arbeidsvilkår, enn verksemder på land.Nybø meiner ei periode på ein månad, eller to, er snakk om «ei lengre periode». Om det gjeld drift med inn- og utsjekking som eit vanleg hotell, vil verksemda med andre ord måtte følgje den norske arbeidsmiljøloven.
Næringsministeren meiner det stiller seg annleis om ein leigetakar til dømes nyttar skipet til å innkvartere tilsette midlertidig.
Meiner situasjonen er uklar
Den siste tilføyinga i svaret til Nybø, gjer at Ap-politikaren Aasland stussar over kva næringsministeren meiner.– Om statsråden her meiner å leige eit utanlandsk skip for å innkvartere tilsette frå ein bustadrigg i Nordsjøen i samband med ombygging, så er det greit. Men om ho meiner det er er opning for å drive hotellverksemd til kai - med eigne tilsette buande om bord, så meiner eg det ikkje er greit, seier Aasland til NETT NO etter å ha fått svaret.
Han meiner siuasjonen framleis er uklar, og er uroa for at utanlandske reiarlag kan forsøke å utnytte situasjonen.
– Eg vil at vi skal unngå ein situasjon der det blir nytta utanlandske arbeidstakarar i norske hamner, i konkurranse med verksemder på land, seier han.
Ventar på maritimt utval
Næringsministeren har at skal vurdere om det bør innførast eit krav om norske lønns- og arbeidsvilkår på utanlandske skip som driv verksemd i norske farvatn.Nybø meiner at det i kvart enkelt tilfelle også må vurderast om skipet blir nytta i anna verksemd, utover det som skjer unntaksvis og kortvarig. I tilfelle vil verksemda til skipet ikkje lengre høyre innunder lovverket for skipstrafikken.
Næringsministeren påpeiker samtidig at det ikkje er aktuelt å forby utanlandske skip å drive maritim verksemd i Norge.
Politiet la vekk Hurtigruten-saka
Hurtigruten nytta tilsette frå tredjeland då det NIS-flagga skipet var i Hellesylt i sommar.Ved å nytte NIS-skip er det mogleg å ha tilsette på lønns- og arbeidsvilkår langt under det som er vanleg i verksemder på land i Norge, men reiarlaget har påpeika at dei tilsette hadde lønn på norsk nivå under oppdraget med filminnspelinga.
Norsk Sjømannsforbund og Fellesforbundet melde likevel Hurtigruten til politiet for brot på utlendingslova. Saka blei lagt vekk av «allmennpreventive hensyn».
Les meir:
Eg vil at vi skal unngå ein situasjon der det blir nytta utanlandske arbeidstakarar i norske hamner, i konkurranse med verksemder på land
Publisert: 15.12.2020 16:34
Sist oppdatert: 07.04.2021 21:36